Børskrakket i USA i 1929
-
Dei siste åra i forkant av børskrakket hadde det gått føre seg vill aksjespekulasjon på dei amerikanske børsane. Det var ikkje uvanleg at to tredelar av aksjekjøpa var finansierte med lån. Etter "dei glade 20-åra" og enorm økonomisk vekst for mange amerikanarar flata børsane ut hausten 1929. Trass i forsøka til selskapa på halde veksten oppe gjennom ulike ordningar for kreditt og avbetaling var den amerikanske marknaden metta. Tilliten til marknaden vart svekt, og folk byrja å selje aksjane sine i raskt tempo.
Tysdag 29. oktober 1929, på engelsk kalla "Black Tuesday", oppstod det panikk på Wall Street-børsen i New York, og over 16 millionar aksjar vart selde. I løpet av fem dagar mista den amerikanske aksjemarknaden 47 prosent av verdien.
Då panikken braut ut, starta ein økonomisk nedtur som ramma alle sider ved det amerikanske samfunnet.
Kreditorane ville at kundane skulle innfri låna sine.
Aksjekursane stupte, verdiane vart ofte halverte på eit par månader. Aksjeeigarane greidde derfor ikkje å innfri låna sine til bankane.
Bankar gjekk konkurs. Sidan bankane var nødvendige for drift og investeringar for ulike selskap, gjekk mange bedrifter konkurs, og folk mista jobben.
Redusert kjøpekraft og lågare forbruk ramma alle sider av samfunnet. Folk mista sparepengane sine og inntektene til bøndene sokk drastisk.
Utanlandske lån vart kalla tilbake til USA.
USA trekte andre land med seg i ein verdsomspennande depresjon, og spesielt Tyskland vart hardt ramma. Tilbakegangen i verdshandelen ramma i tillegg særleg råvareproduserande land.
Resultat vart at bruttonasjonalproduktet gjekk ned, og arbeidsløysa steig enormt. Dalande etterspurnad etter bilar, elektriske forbruksvarer og bustader bidrog til å forsterke krisa. Trygder eller offentlege støtteordningar fanst ikkje i USA, som svor til ein økonomisk liberalistisk politikk utan vesentleg statleg innblanding.
USA vart gjennom 20-åra styrt av republikanske presidentar. President Herbert Hoover (1874–1964) var USAs president under krakket på Wall Street-børsen. Blant republikanarane var ein vanleg økonomisk tankegang at marknaden regulerte seg sjølv. I mellomtida fekk ein beskjed om å "stramme inn livreima". Men når folk slutta å bruke pengar, vart krisa forverra. Verdshandelen vart ytterlegare redusert då alle land prøvde å verne sin eigen økonomi ved proteksjonistiske tiltak. Resultatet vart store tollmurar mellom landa og nedgang i verdshandelen.
Arbeidsløysa i USA steig til nye høgder i byrjinga av 1930-åra. I 1929 var 1,5 millionar arbeidsledige, i 1930 hadde arbeidsløysa stige til 3,5 millionar, og i mars 1933 var ho oppe i heile 14,5 millionar. Dei europeiske demokratia hadde store problem med å meistre krisa. I 1932 nådde arbeidsløysa Tyskland med heile 30 prosent.
Ved sidan av dei økonomiske problema verda stod overfor på 1930-talet, fekk børskrakket mykje å seie ved at mange europeiske land valde bort demokratiet som styreform og let "sterke menn" ordne opp i kaoset.
Billington, L. & Reisegg, Ø. (2021, 9. mars). Wall Street-krakket i 1929. I Store norske leksikon. https://snl.no/wall_street-krakket_i_1929
Relatert innhald
Franklin D. Roosevelts "New Deal" innebar at staten gjekk meir aktivt inn for å løyse dei økonomiske problema i mellomkrigstida.
1920-talet var prega av økonomiske kriser i Europa, og etter kvart også i USA.