Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: andre verdskrigen

Den andre verdskrigen var ein global krig frå 1939 til 1945. Krigen vart utkjempa mellom aksemaktene (Tyskland, Italia og Japan) og dei allierte, der dei viktigaste landa var Storbritannia, Frankrike, USA og Sovjetunionen. I 1945 sigra dei allierte.
Soldatar vassar i land frå militære båtar. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor vart det ny verdskrig?

Det skulle gå knapt 20 frå første verdskrigen var slutt til det braut ut ein endå verre krig. Grunnane til at det vart ein ny verdskrig, er samansette, og dei viktigaste er fredsoppgjeret etter første verdskrigen, nasjonalisme og fascisme, økonomiske kriser og Hitlers aggressive utanrikspolitikk.

Versaillestraktaten

Versaillestraktaten etter første verdskrigen var ei underliggande årsak til andre verdskrigen. Han skapte misnøye og frustrasjon hos både sigerherrane og taparane. Tyskland tapte krigen og vart hardt straffa og audmjuka, mens blant sigerherrane var det misnøye i Italia og Japan, som meinte dei ikkje vart påskjønte nok for krigsinnsatsen.

Politisk uro og økonomisk samanbrot

Politisk uro i mellomkrigstida vart forsterka av økonomisk samanbrot i 1930-åra. Benito Mussolini og fascistane tok makta i Italia allereie i 1922, mens Adolf Hitler og nasjonalsosialistane kom til makta i Tyskland i 1933. I Japan fekk ytterleggåande militære krefter stadig meir makt over den politiske leiinga.

Samtidig var demokratiet på vikande front i mellomkrigstida, og Folkeforbundet som skulle forhindre ein ny verdskrig, var til dels handlingslamma. USA fokuserte i lita grad på det som skjedde utanfor Amerika, mens Frankrike og Storbritannia viste lite vilje og evne til å halde oppe verdsfreden. Denne politikken er kjend som appeasement og blir assosiert med passivitet og ettergiving.

To smilande menn med militæruniformar køyrer saman i ein open bil. Soldatar og ei stor folkemengde i bakgrunnen. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tysk utanrikspolitikk

Etter Hitlers maktovertaking kom ambisjonane hans om å gjere Tyskland til ei stormakt raskt til syne. Hitler byrja å bryte Versaillestraktaten, sette i verk militær opprusting og innførte allmenn verneplikt på nytt. Same år vart Saar ein del av Tyskland etter folkeavstemming, og Rhinland vart remilitarisert.

Deretter vende Hitler blikket mot territorium utanfor Tysklands grenser. Først ut var Austerrike som vart innlemma i Tyskland i 1938. Deretter ønskte Hitler å annektere Sudetlandet i Tsjekkoslovakia der sudettyskarane budde. I den såkalla Münchenavtalen frå 1938 vart dette kravet godteke av dei allierte mot lovnader om at Tyskland skulle ikkje skulle komme med framtidige territoriale krav. Allereie i 1939 vart likevel resten av Tsjekkoslovakia okkupert. Appeasementpolitikken til dei allierte hadde mislykkast.

Tysklands neste territoriale krav var retta mot Polen, som fekk garantert sikkerheita si frå Storbritannia. Hitler frykta ein tofrontskrig og oppretta overraskande ei med den ideologiske motparten sin Sovjetunionen i 1939. Kort tid etter, 1. september 1939, gjekk Tyskland til angrep på Polen. Andre verdskrigen var eit faktum.

Japan på frammarsj i Asia

Japan vart raskt industrialiserte rundt hundreårsskiftet, men sleit med råvaremangel. Dette prøve dei å løyse gjennom handel og ved å erobre tyske koloniar i Kina og Stillehavet under første verdskrigen.

Det økonomiske samanbrotet i mellomkrigstida førte til at nasjonalistiske grupperingar i militæret fekk større innverknad på Japans politikk. Ei meir aggressiv linje vart følgd, og i 1931 vart den nordaustlege delen av Kina, Mandsjuria, okkupert. Frå 1937 var det full krig mellom Japan og Kina.

Soldatar i uniform oppstilte på geledd med gevær. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Starta andre verdskrigen eigentleg i 1937 etter at Japan og Kina var i full krig med kvarandre?

Gongen og vendepunkta til krigen

Fram til 1942 var på frammarsj. I løpet av dei to første åra av krigen verka Tyskland uslåelege, og store delar av Europa vart underlagde fascismen. På rekke og rad vart Polen, Danmark, Noreg, Nederland, Belgia, Frankrike og Jugoslavia overvunne. Hitler ønskte å tvinge Storbritannia til kapitulasjon i "slaget om Storbritannia", men det lykkast ikkje.

I juni 1941 sette Tyskland i verk operasjon Barbarossa, angrep på Sovjetunionen. Invasjonen var vellykka i starten, men den tyske hæren vart stoppa utanfor Moskva etter at vinteren slo inn. Året etter, i 1942, gjekk Hitler til angrep mot Sovjetunionens sørlege del, der målet var å erobre Kaukasus og Stalingrad. Slaget om Stalingrad vart ein katastrofe for Tyskland, og store delar av den tyske hæren vart omringa og øydelagd. Dette blir ofte sett på som eit av dei viktigaste vendepunkta i andre verdskrigen. Frå no av var Tyskland på defensiven.

Same år vart italienske og tyske styrkar som kjempa i Nord-Afrika, overvunne i slaget om El Alamein i Egypt. Dette betydde at aksemaktene gradvis vart nedkjempa i Afrika. I 1943 invaderte allierte soldatar Sicilia og Italia. Tysklands viktigaste alliert, Italia, kollapsa same år.

Vendepunktet i vest skjedde i 1944, på D-dagen. Då invaderte allierte styrkar Normandie i Frankrike og byrja å presse dei tyske styrkane ut av landet. Gradvis vart overmakta for stor Tyskland, som no vart angripe frå fleire sider. Dei allierte frå vest og Sovjetunionen frå aust. 8. mai 1945 kapitulerte Tyskland. Krigen i Europa var over.

I Asia hadde Japan hatt stor militær suksess dei første krigsåra, men for å vinne ein avgjerande siger i Stillehavet måtte USA konfronterast. 7. desember 1941 gjekk Japan til angrep på den amerikanske flåtebasen Pearl Harbor på Hawaii. USA gjekk inn i krigen på alliert side med heile den industrielle kapasiteten sin. På sikt vart dette avgjerande. Det militære vendepunktet kom i 1942 der den japanske flåten vart påført store tap mot amerikanarane i slaget om Midway. Resten av krigen var Japan på defensiven.

Andre verdskrigen vart avslutta etter at USA sleppte atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki.

Ruinar av ein by. Det heng klede på snorer midt inne i øydeleggingane. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slutten av krigen

Andre verdskrigen fekk katastrofale følger. Sjølv om tapstala er usikre, er det grunn til å tru at rundt 70 millionar menneske mista livet. Andre verdskrigen var ein total krig, det vil seie at alle sider av samfunnet vart ramma. I motsetning til i første verdskrigen overgjekk dei sivile tapa dei militære. I tillegg hadde nazistane med fullt overlegg gjennomført folkemord på jødane i holocaust.

Etter kapitulasjonen til aksemaktene vart brotsverka i krigen avslørt, og dei ansvarlege vart stilte for retten i den internasjonale domstolen i Nürnberg. Krigsforbrytarar vart dømde for ugjerningane sine, og nazisme og fascisme i Europa forsvann nesten for godt. Japan vart avmilitarisert og demokratisert. For å unngå krig i framtida vart Dei sameinte nasjonane, FN, oppretta. Vi kan derfor seie at demokrati og menneskerettar kom styrkte ut av krigen.

Andre verdskrigen endra verda maktpolitisk. Europa var svekt, og dei tradisjonelle stormaktene Storbritannia og Frankrike hadde vorte andrerangs i forhold til USA og Sovjetunionen, som no stod fram som supermakter. Tyskland vart delt opp, mens Japan fekk ei avgrensa rolle etter krigen.

I tiåra etter andre verdskrigen skulle forholdet og spenninga mellom USA og Sovjetunionen prege verda i den følgande kalde krigen.

Tenk etter

I kva grad har FN lykkast med å unngå krig etter 1945?

Kjelder

Hatlehol, G. D. (2021, 10. september). Andre verdenskrig. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/andre_verdenskrig

Palmer, R. R., Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid