Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Menos estrés, por favor

Muchos jóvenes se sienten estresados. ¿Tú también? Ahora puedes conocer un método para ordenar tus pensamientos y reducir así el estrés del día a día. Empieza con la primera tarea. Después, puedes continuar con la segunda si quieres.
Ei ung kvinne held seg til hovudet med den eine handa. Ho har auga lukka og prøver å slappe av. Foto.

1. Reduce el estrés

Kaos i hovudet skaper stress, orden reduserer stresset. Slik kan du skape meir orden i hovudet: Du sorterer alle tankane dine i fire kategoriar.

1: Esto lo puedo solucionar aquí y ahora

Dette kan eg løyse her og no

Det finst problem som kan løysast raskt og enkelt. Viss du til dømes tenker mykje på ei bestemd innlevering du må få ferdig, kan løysinga vere å setje av konkret tid til jobbe med ho. Viss du lurer på om ein venn er sur på deg, kan du ta kontakt med vennen og spørje om de kan snakke saman.

2. Tengo que trabajar con esto

Dette må eg jobbe med

Ofte kan du sjølv redusere stresset ved å forandre vanar. Døme kan vere at du står opp litt tidlegare om morgonen for å få betre tid, eller at du legg bort mobilen når du gjer skulearbeid slik at du kan konsentrere deg betre. Slike endringar krev innsats over tid, men det er fullt mogleg å skaffe seg betre vanar.

3. Necesito ayuda con esto

Dette treng eg hjelp til

Ingen klarer alt åleine, og av og til treng du hjelp frå andre. Ver flink til å søke støtte frå personar rundt deg! Viss du til dømes slit med ei lekse, kan du spørje ein forelder om hjelp, eller du kan bruke skuletilbodet om leksehjelp. Viss du har søvnproblem som ikkje vil gi seg, kan du snakke med helsesjukepleiar på skulen.

4. Tengo que conformarme con esto

Dette må eg leve med

Det er ikkje alt vi kan forandre. Av og til kan det vere betre å akseptere at det finst ting vi må leve med, enn å bruke tid og krefter på å irritere seg over dei. Det er til dømes bortkasta energi å irritere seg over at det er tentamensperiode på skulen, eller at du må dele rom med veslebroren din. Heldigvis det er lite som varer evig, og det meste forandrar seg på sikt.

A. Las preocupaciones de Johanna

  1. Les den korte teksten nedanfor, og set han om munnleg.

  2. Samanfatt på norsk, og i éi setning, kva teksten handlar om.

Johanna tiene diecisiete años y va a primero de Bachillerato en un instituto noruego. Desde hace poco tiempo tiene novio, trabaja por las tardes y juega al fútbol en su tiempo libre. Sus padres discuten mucho y su mejor amiga acaba de hacer nuevos amigos. Johanna se siente estresada todo el tiempo y duerme muy mal. Por eso, a menudo está cansada y le cuesta atender en clase.

B. ¿En qué está pensando Johanna?

Johanna har mange ting ho tenker på! Sjå på dei spanske setningane, og prøv å setje dei om – utan omsetjingsprogram. Sjekk eventuelle tips, og gjett etter beste evne! Fasiten finn du bakpå kvart kort.

C. Clasifica las preocupaciones de Johanna

Det kan vere lurt å gjere denne øvinga saman med ein klassekamerat. To hovud tenker ofte betre enn eit!

  1. Hjelp Johanna med å sortere tankane sine! Kva kan ho løyse her og no, kva må ho jobbe med, kva bør ho be om hjelp til, og kva må ho lære seg å leve med?

  2. Kva er det viktigaste rådet du vil gi Johanna?

  3. Er klassen einige i kva tankar som skal i kva boksar?

D. Tus preocupaciones y pensamientos

Kva bekymrar deg? Kva tenker du mykje på? Skriv på norsk eller spansk, og sorter tankane dine i dei same kategoriane.

  1. Esto lo puedo solucionar aquí y ahora.

  2. Tengo que trabajar más con esto.

  3. Necesito ayuda con esto.

  4. Tengo que conformarme con esto.

Du treng ikkje dele tankane dine med andre. Formålet med øvinga er at du skal prøve ut metoden sjølv. Etter at du har skrive ned tankane dine, seier du kva du synest om metoden. Bruk snakkehjelpa i boksen!

E. Vocabulario relacionado con el tema

Øv på nokre ord og uttrykk det kan vere kjekt å hugse når du skal snakke om stress.

Vocabulario

el estrés
stress
estresar
å stresse
estresado/a
stressa
Estoy estresado/a.
Eg er stressa.
Me siento estresado/a.
Eg kjenner meg stressa.
(Esto) me estresa bastante/mucho/un montón.
Dette stressar meg ganske mykje / mykje / noko vanvitig.
No me dejo estresar.
Eg let meg ikkje stresse.
Tengo mucho estrés en la escuela. / La escuela me estresa.
Det er stress på skulen. / Skulen stressar meg.
Tengo problemas con mis padres.
Eg har problem med foreldra mine.
¿Cómo puedo reducir el estrés?
Korleis kan eg redusere stresset?

2. El podkast Ser joven hoy en día

Podkastserien Ser joven hoy en día (Å vere ung i dag) skal spele inn ein ny episode. Dagens tema: "El estrés en el día a día". Programleiaren, som er psykolog, har invitert to–tre elevar. Jobb i grupper på tre eller fire, og lag ein episode som varer i omtrent 5–6 minutt.

Slik går de fram

  • Fordel rollene. Dei som er elevar, vel seg ein rollefigur frå biletpresentasjonen nedanfor, og les teksten om sin person. Den som er programleiar, skriv ned aktuelle spørsmål til gjestane.

  • Planlegg episoden saman. Kva skal de snakke om, og i kva rekkefølge? Kor lang tid skal de bruke på kvart punkt?

  • Jobb med rollene dykkar. Skriv ned replikkar og uttrykk, og øv godt. Bruk snakkehjelpa i boksen nedanfor og gloser på denne sida.

  • Snakk gjennom episoden før de speler han inn. Er det noko som manglar, eller noko de bør ta bort? Er de usikre på uttale eller formuleringar? Hjelp kvarandre med å rette opp feil, og spør læraren viss de står fast.

  • Ta opp episoden. Prøv å snakke samanhengande utan å stoppe undervegs. Hugs at det er lov å gjere feil!

  • Etterarbeid: Audacity er eit gratis alternativ for lydredigering/klipping for både Windows og Apple. Treng de nokre jinglar eller andre lydeffektar? Det finst gratis lydfiler med opne lisensar til dømes på Freesound (krev at du registrerer brukar), Freemusicarchive eller CCmixter.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik, Karl Henrik Aanesen, Camilla Øien og Maria Munoz Borrachero.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2024

Læringsressursar

Menos estrés, por favor