Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: La Edad Media

La princesa Kristina Haakonsdatter vivió en el siglo XIII. Pronto vas a conocerla en el cómic Kristina de Tunsberg, pero primero te vamos a presentar la época en la que vivió. El cómic puede ser un buen punto de partida para un proyecto interdisciplinario entre spansk 2 y eldre historie en vg2.
Oversiktsbilete av av ei snøkledd borg ved kysten. Illustrasjon.

1. Los cómics

Spenningsmoment i ein teikneserie. Kvinne står mot ein vegg mens to personar kjem springande inne i ei hole. Illustrasjon.

Liker du teikneseriar? Snakk saman i par. Samanfatt i klassen.

  • ¿Sueles leer cómics? ¿Con qué frecuencia?

  • ¿Qué tipo de cómics te gustan más? ¿Prefieres los cómics de humor o de misterio?

  • ¿Tienes algún cómic favorito?

2. El castillo medieval

Handlinga i teikneserien går føre seg på Håkon Håkonssons kongeborg i Tunsberg. Her vart det teke politiske avgjerder, krigføring vart planlagd, lover vart skrivne, skattar vart innkravde og myntar vart slått. I dag er det berre nokre små ruinar igjen av borganlegget. Kva land har flest mellomalderborgar i dag, trur du? Noreg eller Spania?

Finn informasjon om ei borg i Spania. Sjå forslag i boksen "Algunos castillos medievales en España". Vis medelevane dine borga, og fortel.

  • ¿Cómo se llama el castillo?

  • ¿Dónde está?

  • ¿Cuándo se construyó?

  • ¿Qué se puede ver aquí?

Algunos castillos medievales en España

  • El Alcázar de Segovia (Segovia, Castilla y León)

  • La Alhambra (Granada, Andalucía)

  • El Castillo de Loarre (Huesca, Aragón)

  • El Castillo de Peralada (Peralada, Cataluña)

  • El Castillo de la Atalaya (Villa, Valencia)

  • El Castillo de Olite (Olite, Navarra)

3. La Edad Media en Noruega

Mellomalderen er ein tusen år lang periode i Europa som varer frå omkring 500 til 1500. Norsk mellomalder startar likevel seinare. Hugsar du når?

  • Les og lytt til teksten "La Edad Media". Kva fortel han om livet i Noreg på denne tida?

  • Les den norske versjonen av teksten for å få med deg heile innhaldet.

La Edad Media

La Edad Media en Noruega duró casi quinientos años. Si pensamos en la vida de una persona, esto veinte generaciones. Durante este tiempo, muchas relaciones y cambiaron. las ciudades crecieron y Noruega . También es la época en la que Noruega fue católica, el período desde el cristianismo hasta la Reforma.

Gran parte de la población del país vivía de la agricultura, y solo una pequeña parte vivía en las pocas ciudades donde se concentraban . La se desarrolló y, a menudo, y a los productos agrícolas. Solo los hombres de la Iglesia sabían leer y escribir, y sus conocimientos los reyes para organizar el reino y escribir leyes.

La Edad Media la época oscura. Esto no es , pero sí en buena parte, si miramos la época con los ojos de nuestro tiempo. Los derechos humanos y la democracia eran , y la palabra "libertad" tenía otro significado. Pero no veía sus circunstancias . La explotación, la violencia y eran una parte natural de la vida, no conocían otra cosa. que podían esperar era una vida después de la muerte, y era esta esperanza final .

El tiempo en el que Kristina Håkonsdatter vivió como el período glorioso de la Edad Media noruega, la era de las sagas antes de . Su padre, el poderoso Håkon Håkonsson, gobernó sobre territorios más grandes anterior. Mandó construir castillos y , y fundó monasterios y hospitales. En su época, Noruega con muchas europeas.

Middelalderen

Middelalderen her til lands varte i nesten 500 år. I menneskeliv tilsvarer det ca. 20 generasjoner. I løpet av dette tidsrommet ble mange forhold og tenkemåter endret. Det er den tiden da byene vokste frem og da Norge ble en stat. Det er også Norges katolske tid, perioden fra kristningen til reformasjonen.

Størsteparten av landets befolkning levde av jordbruk og kun en liten del levde i de få byene, der handel og håndverk ble konsentrert. Pengeøkonomien var ujevnt utviklet og skatter og ble ofte tatt ut i jordbruksvarer. Kun kirkens menn kunne lese og skrive, og deres kunnskaper ble tatt i bruk av kongene for å ordne riket og å skrive lover.

Middelalderen er blitt kalt mørk. Hele sannheten ligger ikke i dette, men en god del, spesielt hvis man ser på perioden med vår tids øyne. Menneskerett og demokrati var ukjente begreper, og ordet "frihet" hadde en annen betydning. Men den tidens mennesker så ikke sine kår slik vi ser dem. Utnytting, voldsbruk og forakt for de svake var en naturlig del av livet, de kjente ikke noe annet. Den eneste forbedring de kunne håpe på, var i et hinsides liv, og det var dette endelige håp som kirken kunne bli rik på.

Den tiden Kristina Håkonsdatter levde i, er blitt sett på som den norske middelalders glansperiode, sagatiden før svartedauen. Faren, den mektige Håkon Håkonsson, rådet over større områder enn noen annen norsk konge tidligere. Han lot bygge borger og kongsgårder og innstiftet kloster og hospitaler. I hans tid hadde Norge forbindelser med mange europeiske hoff.

4. Los personajes

Her er ei oversikt over sentrale personar du møter i teikneserien.

Personajes y títulos

5. La historia de una familia real

Lær meir om dei historiske hendingane som dannar bakteppet for handlinga i teikneserien. Då får du ei betre forståing av det personlege dramaet som går føre seg i 1257.

Los textos de la presentación

Borgarkrigstida

Den norske tronfølgeordninga er ikkje heilt ukomplisert i mellomalderen. Alle søner av kongen har rett på trona, uavhengig av om dei er yngst eller eldst eller fødde i eller utanfor ekteskap. Derfor er det mange kandidatar å velje mellom kvar gong trona blir ledig. Den som er best skikka, har flest politiske støttespelarar eller på ein annan måte får overtaket på brørne sine, blir konge.

Dette systemet fører til store konfliktar mellom dei ulike kandidatane. Då Sigurd Jorsalfare døyr i 1130, er det nettopp det som skjer. Konfliktane etterpå skal vise seg å bli starten på ein over hundre år lang periode med uro rundt kongemakta, kjend som borgarkrigstida.

Baglarar og birkebeinarar

Landet blir herja av borgarkrig, og folket lid. Baglarar og birkebeinarar kjempar om kongemakta og kontrollerer kvar sine område, baglarane Austlandet og birkebeinarane Vestlandet og Trøndelag.

Birkebeinarkongen Håkon Sverresson besøker i 1203 ein gard på Austlandet. Her møter han Inga. Kort tid etter døyr han berre 22 år gammal. Nokre månader seinare føder Inga ein gut som får namnet Håkon, etter far sin.

Området blir kontrollert av baglarane, og barnet er i fare. Birkebeinarane flyktar derfor på ski med kongssonen i armane. Reisa er farleg, men dei kjem trygt fram til Nidaros.

Kronstrid og krig

Håkon veks opp, og 13 år gammal blir han proklamert som konge. Skule Bårdsson, som regjerer ein tredjedel av riket, meiner han har større rett til trona enn Håkon. For å skape fred blir Håkon gift med dottera til Skule, Margrete. Den unge jenta har ikkje noko val. I 1232 får paret sonen Håkon, og to år seinare kjem Kristina til verda. Når Kristina er fire år, blir veslebror Magnus fødd. Korleis vil livet til dei tre kongebarna bli? Det skal du snart få vite.

Dei første leveåra til barna er fredelege, men så går Skule til krig mot Håkon, sin eigen svigerson. Det bryt ut harde kampar, og barna er livredde for at det skal skje faren noko. Til slutt sigrar kongen, og Skule blir drepen. Familien sørger, men er glade for at krigen er over.

Barndom og skulegang

Barna bruker mykje tid på kongeborga i Tunsberg. Håkon er oppteken av at dei skal få kunnskap, og han bygger eit skulehus bortanfor kyrkja. Her får Håkon, Kristina og Magnus undervisning av munkar ved klosteret, og dei lærer om Sankt Olav og historia til forfedrane sine, om framande land, religion, filosofi, fransk og latin.

Men det er ikkje berre på skulen barna lærer om verda. Dei får ofte høyre sagaer, kvad og spennande eventyr om heltedådar og skumle vesen. Men det skumlaste er å høyre prestane fortelje om skjærselden og dommedag. Dei som betaler kyrkja godt, kan visst sleppe billigare unna pinslene og komme til himmelen.

Bergen

Barna får òg bli med til hovudsetet til kongen i Bergen. Byen har eit yrande folkeliv. På Bryggen blir korn, krydder, vin, smykke og vakre stoff selde, og det er livlege forhandlingar. Oppover i dei tronge gatene er det lite igjen av den friske sjølufta. Her luktar det vondt, og dei fattige bybarna leiker vilt. Kanskje kongebarna er litt misunnelege på dei?

I løpet av ungdomstida blir det fleire turar til Bergen. I 1247 blir Håkon endeleg krona her med velsigninga frå paven, og kroningsgildet varer ei veke. Seremonien finn stad den 29. juli, på dødsdagen til Olav den heilage, sidan Håkon er av Olavs ætt. Året etter bryt det ut brann, og store delar av byen blir lagde i oske. Mange døyr, og barnelatteren stilnar.

Tru, håp og kjærleik

Etter kvart som kongebarna blir eldre, får dei meir ansvar og større oppgåver. Kongsspegelen, ein skriftleg dialog mellom far og son, gir dei råd og viktig lærdom om kongedømmet og forholdet til kyrkja.

Håkon, Kristina og Magnus får vere med på festar og store samankomstar. Her møter dei både kjende og ukjende, og kanskje òg sin første, store kjærleik? Men kjærleiken må haldast hemmeleg, for det er kongen som bestemmer kven dei skal gifte seg med. Kvifor kan ein ikkje elske den ein vil? 19 år gammal blir Håkon, som ein dag skal arve trona etter far sin, gifta bort til ei svensk prinsesse for å styrke banda til nabolandet. Paret får ein son, og framtida ser lys ut.

Sendemenn frå Spania

Hausten 1256 kjem ein delegasjon av spanske sendemenn til Tunsberg. Dei er sende av kong Alfons av Castilla som ønsker å knyte ekteskapsband med Noreg. Leiaren for følget, Sira Fernant, ber om å få snakke med den norske kongen, men han er oppteken med viktigare saker nord i landet. Sira Fernant og følget hans må vente.

Kva kan Håkon vinne på å gå med på ein ekteskapsallianse, tru? Ikkje så lite. Viss han gifter bort Kristina til ein av Alfons' brør, vil han til gjengjeld kunne få militær støtte i konfliktar. Det kan komme godt med, for forholdet til Danmark er dårlegare enn på lenge. Men kva tenker dotter hans om å reise til eit framandt land for å gifte seg med ein prins ho ikkje har møtt?

Ukjent farvatn

Høst blir til vinter, og vinter blir til vår, men heimkomsten til kongen let vente på seg. I Tunsberg går livet sin vane gang, men så skjer det noko dramatisk. Håkon, som no er 24 år, blir plutseleg sjuk, og etter kort tid døyr han. Det er ei stor sorg for både familien og landet. No er det veslebror Magnus som skal bli Noregs neste konge. Ein veit aldri kva livet bringar.

Det er ein sorgtung konge som vender heim og møter dei spanske sendemennene. Dei ønsker eit svar, for no er det snart på tide at dei òg reiser heim. Kristina står ved borgmuren og skodar utover. Sommarvinden tek tak i håret hennar som om han vil føre ho med seg, men kvar? Det vil vi snart finne ut, for det er no historia verkeleg tek til.

Tidslinje

  • 1204: Birkebeinarkongen Håkon Sverresson døyr. Son hans, Håkon Håkonsson, blir fødd like etter.

  • 1206: Birkebeinarane flyktar til Nidaros på ski med den vesle guten.

  • 1217: Håkon blir vald til konge av birkebeinarane. Skule Bårdsson gjer òg krav på trona.

  • 1225: Håkon gifter seg med Skules dotter, Margrete Skulesdotter.

  • 1232: Håkon Håkonsson Unge blir fødd.

  • 1234: Kristina Håkonsdotter blir fødd.

  • 1238: Magnus Lagabøte Håkonsson blir fødd.

  • 1239: Skule let seg hylle til konge og går til krig mot Håkon. Han blir drepen av kongens menn året etter.

  • 1247: Håkon Håkonsson blir krona med velsigninga til paven.

  • 1256: Eit spansk følge sendt av Alfons X kjem til Tunsberg på hausten.

  • 1257: Håkon den unge døyr 5. mai. På seinsommaren forlet Kristina Tunsberg.

Kjelder

Bjorgo, N. y Norseng, P. G. (3 de mayo de 2024). Skule Bårdsson. En Store norske leksikon. https://snl.no/Skule_B%C3%A5rdsson

Helle, K. y Norseng, P. G. (30 de abril de 2024). Håkon 4. Håkonsson. En Store norske leksikon. https://snl.no/H%C3%A5kon_4._H%C3%A5konsson

Håkon Håkonsson. (25 de febrero de 2023). En Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/H%C3%A5kon_H%C3%A5konsson

Jenssen, E. (2001). Prinsesse Kristina. Myte og virkelighet. Et forsøk på en historisk studie. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold. https://www-bib.hive.no/tekster/tunsberg/kristina/index.html

Johansen, A. (21 de septiembre de 2017). Konge og kirke - maktkamp og gjensidig avhengighet. NDLA. https://ndla.no/nb/subject:846a7552-ea6c-4174-89a4-85d6ba48c96e/topic:292d3938-7ac7-4f4f-a613-089940d3bbda/topic:2f5d6699-5af9-4e48-b902-ffeb717a996c/resource:1:169314

Fuentes

Myklebust, M. y Holt, K. (1991). Kristina av Tunsberg. Fantasi-Fabrikken A/S.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2024

Læringsressursar

El cómic