Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ejercicios: El cómic de Kristina de Tunsberg

Trabaja con el argumento y los personajes del cómic Kristina de Tunsberg.
Fire bilete av ei ung kvinne i fire ulike drakter: med blå kappe, med blå kjole og ei bok i hendene, med blå kjole med kappe som ho svingar rundt seg, og smilande med raud kjole. Foto.

1. Un resumen

Repeter kort handlinga og viktige gloser.

2. Resumen oral

Samanfatt handlinga munnleg. Jobb gjerne i par! Då blir øvinga morosamare.

  • Les setningane høgt, og set dei om til norsk.

  • Klar for ei utfordring? Gå bakover frå det siste kortet og set om frå norsk til spansk!

3. El poder

I teikneserien ser vi at kongen har stor makt. Kristina må rette seg etter vilja til far sin og får ikkje bestemme over sitt eige liv. Korleis er det i dag? Kven har makt over oss?

Diskuter på spansk (og eventuelt norsk) i par eller i små grupper. Del deretter resultata dykkar med ei anna gruppe eller med klassen.

  • ¿Qué personas te influyen? ¿Qué personas tienen poder sobre ti? ¿Te parece bueno o malo? Kva menneske påverkar deg? Kva menneske har makt over deg? Synest du det er bra eller dårleg?

  • ¿Qué aspectos de tu vida puedes decidir por ti mismo/a? ¿Qué aspectos no puedes decidir por ti mismo/a? Kva i livet ditt kan du bestemme sjølv? Kva kan du ikkje bestemme sjølv?

  • ¿En qué cosas suelen estar en desacuerdo los jóvenes y sus padres/tutores a menudo? Kva pleier ungdommar og foreldre/føresette ofte å vere ueinige om?

4. Describe un personaje

Vel ein person i teikneserien og beskriv han/ho nærare. Fyll ut informasjon om personen din. Skriv gjerne litt meir enn i tekstdømet i tabellen.

mi personaje

Palabras clave

(Stikkord)

Informasjon

Información

Nombre

Min person heiter/er X.Mi personaje se llama X.

Edad

Han/Ho er omtrent ... år gammal.Él/ella tiene alrededor de... años.

Lugar de residencia

Han/Ho bur på/i ...Él/ella vive en...

Profesión/título

Han/Ho er ...Él/ella es...

Familia y amigos

Han/Ho har ein/ei/eit ...
Faren/Mannen/Vennen hennar ...
Dottera/Kona/Venninna hans ...
Forholdet deira er ...

Él/ella tiene un/una...

Su padre/madre/amigo...

Su hija/mujer/amiga...

Su relación es...

Apariencia

Han/Ho har ... hår og ... auge.
Han/Ho er slank, kraftig, ...

Él/ella tiene el pelo... y los ojos...

Él/ella es delgado/a, fuerte,...

Cualidades personales

Han/Ho er sympatisk, klok, modig, påliteleg, slem, smart, lur, ærleg, ...Él/ella es simpático/a, inteligente, valiente, confiable, malo/a, listo/a, sincero/a,...

Problemas, preocupaciones y sueños

Han/Ho er redd for at ...
Han/Ho vil ... Han/Hun forsøker ...
Han/Ho håper/ønsker at ...

Él/ella tiene miedo de que...

Él/ella quiere... Él/ella trata de...

Él/ella espera/desea que...

Tu opinión

Eg synest at han/ho ...
Han/Ho er òg ...
Dessutan ...
Han/Ho gjer/har til dømes ...
Samla sett verkar han/ho ...

Pienso que él/ella...

Él/ella es también...

Además...

Él/ella hace/tiene, por ejemplo...,

En general él/ella parece...

5. ¡Actuad!

Jobb i par eller grupper. Vel ei scene, ei side eller ein biletsekvens og fordel personane mellom dykk.

  • Les replikkane i snakkeboblene høgt saman.

  • Set om replikkane munnleg til norsk. Kontroller gjerne ved å sjekke den norske utgåva.

  • Lag tankebobler og skriv kva personane tenker i situasjonen.

  • Øv på å spele scenen/situasjonen med snakke- og tankebobler. Hugs god innleving!

  • Framfør for ei anna gruppe eller for læraren.

6. Analiza una viñeta

Vel ei rute frå teikneserien og sjå nærare på ho.

  1. Beskriv biletet. Kva viser biletet? Kva skjer?

  2. Beskriv plasseringa av dei ulike elementa i biletet.

  3. Beskriv verkemiddel som fargar, lys og skugge.

  4. Beskriv utsnittet (den delen av teikneserieverda som blir vist).

    • Eit totalbilete viser personar og omgivnadene rundt på avstand.

    • Eit halvnært bilete viser ofte éin eller få personar frå hovudet og ned til knea.

    • Eit nærbilete av eit ansikt eller ei hand viser kva personen tenker og føler.

  5. Beskriv biletvinkelen. (Eit bilete kan vise motivet frå ulike ståstader.)

    • Vanlegvis ser vi det som skjer, rett framanfrå, i augnehøgde.

    • Når vi ser noko nedanfrå, blir det kalla froskeperspektiv. Det vi ser, verkar stort/truande.

    • Når vi ser noko ovanfrå, blir det kalla fugleperspektiv. Det vi ser, verkar lite/ufarleg.

  6. Beskriv formatet og storleiken på ruta.

    • Liggande format (breiddeformat) blir ofte brukt for å vise landskap og folkemengder.

    • Ståande format (høgdeformat) blir brukt for å vise éin eller få personar eller detaljar.

    • Mange små ruter kan vise ein rask hendingsgong. Ei rund rute gir ein spotlight-effekt.

  7. Beskriv teksten i snakkeboblene og eventuelle lydord som beskriv lyden av noko.

  8. Gi til slutt di eiga meining om biletet.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2024

Læringsressursar

El cómic