Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: El cómic

Trabaja con un par de tareas sobre el tema del cómic. ¡Da rienda suelta a tu creatividad y presenta tu producto final!
Ein ung mann ser seg over skuldra mot ei ung kvinne som ser framfor seg. Slottsfjellet er svakt synleg i bakgrunnen. Manipulert foto.

1. La tira cómica

Etter fem månader kjem Kristina endeleg fram til Spania. Lag ei teikneseriestripe der du/de fortel kva som skjer vidare.

  • Bruk eit digitalt verktøy, eller bruk penn og papir.

  • Teikn eitt til fire bilete. Tenk nøye over korleis du/de vil formidle handlinga.

  • Lag snakkebobler og skriv inn dialogen.

  • Skriv gjerne ei kort innleiing og avslutning der forteljaren kjem til orde.

2. Un cómic que me gusta

Presenter ein teikneserie eller ei teikneseriestripe du liker.

  • Gi faktaopplysningar om teikneserien.

  • Vis ei rute eller stripe og analysar ho. Oppgåve 6 på øvingssida hjelper deg.

  • Set om og les teksten i ruta eller stripa på spansk. Fortel kva hjelpemiddel du brukte, og korleis du gjekk fram for å få ei god omsetjing.

  • Sei meininga di, og forklar kvifor du liker teikneserien.

3. Un día de 1257

Vel ein dato i 1257. Skriv dagboknotata til Kristina eller ein annan person frå denne dagen. Her er nokre forslag til kva du kan ta med:

  • ¿Cómo estás? Korleis har du det?

  • ¿En qué piensas? ¿Qué sientes? Kva tenker du på? Kva føler du?

  • ¿Qué has hecho hoy? Kva har du gjort i dag?

  • ¿Qué vas a hacer (mañana)? Kva skal du gjere (i morgon)?

  • ¿Qué te hace ilusión? Kva gleder du deg til/over?

  • ¿De qué tienes miedo? Kva er du redd for? / Kva gruar du deg til?

  • ¿Qué te preocupa? Kva uroar deg?

  • Habla de alguien al que quieres o echas de menos. Fortel om nokon du er glad i eller lengtar etter.

  • ¡Comparte un secreto! Del ein hemmelegheit!

4. Continuará...

Avskjedsorda frå Kristina til Gudleik:

"Cuando hayas llevado mucho tiempo de juglar por muchos países, vendrás un día a un castillo en Castilla y me harás de juglar allí también".

("Når du har gjøglet lenge igjennom landene, vil du en dag komme til en borg i Castilla og gjøgle for meg der.")

Får Kristina og Gudleik sjå kvarandre igjen? Fortel!

  • Jobb åleine eller saman med nokon. Tenk ut eit scenario og planlegg ut frå det.

  • Korleis vil du/de fortelje historia? (teikneserie, forteljing, brev, skodespel, video)

  • Lag eit sjølvvalt produkt.

5. Un personaje histórico

Biografiar om livet til kjende personar er ikkje eit nytt fenomen. Slike historier kjenner vi òg frå mellomalderen. Kongesagaene, til dømes, beskriv livsløpet til ein konge.

Lag ein mini-biografi der du fortel livshistoria til ein kongeleg person i teikneserieformat. Biografien skal innehalde både tekst og teikningar eller bilete.

  1. Vel ein historisk person:

    • Alfonso X, el Sabio, de Castilla (spanskekongen Alfons 10. den vise)

    • Cristina de Noruega (Kristina Håkonsdotter)

    • Haakon IV de Noruega (Håkon Håkonsson)

    • Magnus VI de Noruega (Magnus Lagabøte)

    • Olaf II, el Santo, de Noruega (Olav den heilage)

  2. Finn informasjon om personen du skal fortelje om, slik at biografien blir ei meir eller mindre sann historie. På Wikipedia finn du informasjon på både norsk og spansk. Det kan vere eit fint utgangspunkt.

  3. Bruk historisk presens når du skriv. Du kan starte slik:

    • X nace en [año], en [sitio]. X blir fødd i [år] i/på [stad].

  4. Lag snakkebobler. Du gir liv til personane ved å la dei snakke sjølve. Bruk gjerne ein praterobot og snakk med personen du har valt, på enkel spansk. Sjekk faktaopplysningar med andre kjelder, men ikkje alt personen seier, treng å vere historisk korrekt. Skaldane brukte både faktum og fiksjon når dei skreiv kongesagaer, så det får du òg lov til!

  5. Når biografiene er ferdige, kan de samle dei i ei tegneseriebok som alle kan lese i.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2024

Læringsressursar

El cómic