Hopp til innhald
Rettleiing

Om betafaget

Arbeidet med kunst og visuelle verkemiddel starta hausten 2023. Ressursane til vg1 skal vere klare til skulestart 2025, og vg2 skal ferdigstillast sommaren 2026. Foreløpig får de tilgang til nye emne og læringsressursar i dette betafaget. Les om kva vi vektlegg og har planlagt i produksjonen.

Om faget

Faget kunst og visuelle verkemiddel blir utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, beskriving av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.

Betaversjon

Eit betafag er ein foreløpig versjon der vi presenterer smakebitar vi gjerne vil ha tilbakemeldingar på. I første omgang har vi fått klar nokre delemne som kan vere aktuelle å bruke i starten av skuleåret på vg1. Dei ligg som lenker i beskrivinga under. I tillegg har vi valt å presentere planen for kva hovudemne og delemne som kjem. Her kan det komme endringar.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre! Kom gjerne med innspel ved å skrive ein e-post til fagansvarlig: ingersporaland@ndla.no.

Skapande prosessar

Skapande prosessar er sentralt i faget. Dette varetek målsetjinga frå overordna del om at elevane skal få utfolde skaparglede, engasjement og utforskartrong og få erfaring med å sjå mogelegheiter og omsetje idéar til handling. Kunstnarisk arbeid krev også evne til å reflektere og gjere vurderingar.

Når elevane skal løyse kreative oppgåver i faga våre, går dei gjennom desse prosessane. Dei skal utforske, eksperimentere, gjennomføre, dokumentere og vurdere – og vi vil helst at dei skal ha glede av det undervegs.

Vi har lagt opp til små introduksjons- og øvingsoppgåver som passar inn i ein større heilskap, men har også forslag der desse er integrerte i meir omfattande oppgåver. Dette gir høve til ei variert undervisning som oppmuntrar til utforsking, eksperimentering og til å ta risiko.

Skissebok

Vi vil oppmode til at elevane bruker skissebok i alle oppgåver der det er mogleg. Vi anbefaler ei A3-skissebok med teiknepapir (160 gram). Ho kan brukast til å samle alle øvingar, eksperiment, utprøvingar og fagstoff. Eit tips er å reservere ein del bakarst i boka til fagomgrep, og fagomgrepa kan gjerne illustrerast. Elevane kan også oppmodast til å bruke skisseboka aktivt etter eige initiativ. Her kan dei samle inspirasjon og teste ut ulike teknikkar og idéar.

Ei skissebok der all dokumentasjon er samla, er eit godt utgangspunkt for å legge merke til progresjonen til eleven og kan vere grunnlag for ein del av undervegsvurderinga. Det vil òg ha stor verdi for eleven å ha ei slik bok undervegs, og også etter eit skuleår. Under "Skissebok" og "Eksperimentering" vil det komme fleire tips til korleis skisseboka kan brukast.

Visuelle verkemiddel

Vi planlegg å starte med ein generell inngang til visuell kommunikasjon og å gå meir i djupna på ulike visuelle verkemiddel. I vg1 skal elevane utforske bruk av visuelle verkemiddel og vurdere uttrykk, verknader og meining i eigne arbeid. Vi startar med grunnleggande form- og fargeteori i desse emna:

Teknikk og materiale

Elevane skal få øving i ulike teknikkar og prøve ut ulike materiale og verktøy. Vi har valt å begynne grunnleggande med:

I vg2-faget vil vi bygge vidare på dette og gå meir inn på plastiske, mjuke og harde materiale.

  • Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Møte med kunst

Vi utviklar den estetiske sansen vår i møte med ulike kulturelle uttrykk. Samtidskunst og kunst- og kulturhistorie er ein viktig del av faget. Dette kan bidra til å løfte fram nye perspektiv og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Vi vil opprette to hovudemne: Kunst i samfunnet og Kunst- og kulturhistorie, der vi varetek kjerneelementa uttrykk og meining og kunst og kontekst.

Kunst i samfunnet

I dette hovudemnet deler vi innhaldet inn i:

  • I møte med kunst

  • Gatekunst

  • Opphavsrett og CC-lisensar

  • Biletgenering med kunstig intelligens

Kunst- og kulturhistorie

Vi startar med eit innleiande delemne om kunst- og kulturomgrepet og ønsker å bevisstgjere elevane på korleis dei møter kunstuttrykk. Her bruker vi både ein kortfilm og ein podkastepisode som inngang til refleksjon og diskusjon. Vidare har vi delt innhaldet inn i ulike tidsepokar fram til 1600‑talet og arbeider med desse delemna:

Målet er å bruke kunst- og kulturhistoria som inspirasjon til eige skapande arbeid. Vi har derfor lagt vekt på oppgåver som både stimulerer til utforsking og til kreativt arbeid.

På tvers av fag

Programfaga til kunst, design og arkitektur er knytte tett saman. NDLA startar arbeidet med å utvikle læringsressursar til design og arkitektur 1 og design og arkitektur 2 frå hausten 2025.

La gjerne elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. NDLA har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er beskrivne i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar, som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar, som kan komme godt med når undervisninga skal planleggast.

Hjartemerking av læringsressursar

Organiser fagstoffet på din måte på Min NDLA ved å lage eigne samlingar av enkeltressursar som til dømes videoar, bilete, fagartiklar og oppgåver. Då må du først logge inn med Feide-brukaren din. Ved å klikke på hjarteikonet ved sida av ein ressurs, kan du favorittmerke han og legge han til i ditt eige mappesystem. Du kan òg opprette emneknaggar for å samle innhald med felles tema.

Fleire kan samarbeide og dele ressursar. Ressurssamlingar kan òg bli delte vidare som undervisningsopplegg til elevane.

CC BY-SA 4.0Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2024