Kunst og visuelle verkemiddel 1 – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Kunst- og kulturhistorie
Menneske har alltid sett synlege spor etter seg. I dette emnet startar vi med 15 000 år gamle holemåleri og gir deg ei oversikt over ulike epokar frå oldtida til renessansen. Bruk kunst- og kulturhistorie som inspirasjon til eige skapande arbeid.
Oldtid
I dette emnet skal vi utforske visuelle uttrykk frå dei første sivilisasjonane oppstod. Denne perioden fram til Romarrikets fall blir kalla oldtid. Historia til oldtida kan også kallast historia til antikken. Vi skal sjå nærare på oldtida i Egypt og antikken i Hellas og Roma.
Antikken i Hellas
Antikken er ein lang og spennande epoke i Europas historie. Det er den første epoken vi har mykje nedskriven kunnskap om, og er ei tid menneska seinare har sett tilbake på og er blitt inspirerte av. I dette emnet skal vi sjå nærare på kunst og kultur frå antikken i Hellas.