Hopp til innhald

Fagstoff

Kunst i det antikke Roma

Kva slags kunst knyter du til det antikke Roma? Vi skal sjå nærare på måleri, mosaikk, metallkunst og skulpturar. Kunstformene har hatt mykje å seie for Europas kulturhistorie, då stilar og motiv frå denne perioden har blitt vidareførte og tolka på nye måtar.
Skulptur av romersk mann i dramatisk lyssetjing. Foto.

Kunstuttrykk

Romarane beundra den greske kunsten. Dei både kopierte og bygde vidare på han. I Romarriket (frå 753 f.Kr. til 476 e.Kr.) ser vi at kunsten både speglar det politiske systemet og kulturen. Gjennom ulike uttrykk og materiale blei historiske hendingar fortalde. Keisarane brukte kunst som talerøyr for å snakke til folket. Og dei ville vise at dei var til stades gjennom realistiske portrett og skulpturar.

Pompeii

Fersken og ei glaskanne halvfylt med vatn. Illustrasjon.

I år 79 bryt vulkanen Vesuv ut. Oska gravlegg byen Pompeii. Då utgravinga av byen begynte for alvor på 1700-talet, fekk vi eit eineståande høve til å sjå korleis velståande romarar hadde levd. Mange av husa hadde vegger som var dekorerte av måleri. Desse er blant dei best bevarte frå den romerske perioden. Motiva kunne vere stilleben, landskapsskildringar og scenar frå dagleglivet.

Måleri med portrett av eit romersk ektepar. Illustrasjon.

Måleri

Kunstnarane skapte romkjensle i bileta. Dei fekk fram perspektiv ved å gi att det som er nærast betraktaren, i stort format, og det som er lenger borte, i mindre format. Lys og skugge blei òg brukt for å skape djupne i bileta.

Portrett

Portrett blei meir særeigne og realistiske i romartida. Ansikta er måla med variasjonar i valørane, og det går an å kjenne igjen personlege trekk.

Landskap

Romarane vidareutvikla landskapsmåleriet ved å gjere kontrastar tydelege i forgrunnen og meir diffuse i bakgrunnen.

Freske

Eit freskomåleri, også kalla ein freske, er måla med vassfargar på ein våt murvegg. Pigmenta festar seg i fuktig kalkmørtel, og når dette tørkar, blir måleriet ein integrert del av veggen.

Fresken er rik på detaljar og har intens raudfarge i bakgrunnen. Illustrasjon.

Mosaikk

Mosaikk er små bitar, som regel av stein, glas eller metall, som er sette saman til eit bilete. Mosaikk blei opphavleg brukt som golv, men etter kvart blei det også vanleg å bruke mosaikk som dekor på vegger.

Mosaikkane blei også brukte i store utsmykkingar. Bileta blei framstilte med den same realismen som måleria frå same periode. Mosaikkane beskreiv alt frå teater og daglegliv til store kampscenar.

To bilete av ulike romerske mosaikkar. Den eine viser ein hund i band, den andre to teatermasker der den eine er forskrekka, den andre gliser. Fotokollasj.

Kampscenen under viser eit realistisk drama med hestar, ryttarar og kampglade menn i vogner. Den skildrar historia då persarkongen Dareios i år 333 f.Kr. måtte flykte frå styrkane til Aleksander den store. Tilskodaren dregst inn i dramatikken. Får du ei kjensle av kamprus, redselsskrik og sigersjubel?

Mosaikk med romersk kampscene. Foto.

Metallkunst

To myntar, ein med eit portrett av ein keisar og den andre med stiliserte soldatar til hest. Foto.

Størsteparten av den romerske metallkunsten er tapt, gjerne smelta om. Det er funne ein godt bevart sølvskatt frå Boscoreale nær Pompeii. Delar av den viser at romarane gjerne brukte figurative motiv i arbeida sine, ofte med eit forhøgd relieff. Det vil seie at motivet stikk ut frå bakgrunnen.

Myntar var pryda med keisarportrett. Desse fungerte som propaganda for den sitjande makta. Daglege gjenstandar som skeier og fat hadde eit nøkternt og funksjonelt design.

Tenk over / diskuter

Korleis opplever de tradisjonen med portrett av kongen på myntene våre i dagens samfunn?

Tre myntar med valspråket "Alt for Noreg". Den første mynten har kong Haakon 7. merket sitt, den andre mynten har portrett av kong Olav 5. og den siste har portrett av kong Harald 5. Fotokollasj.

Statuar

Den greske kunsten var så høgt verdsett at ein romersk kopi av gresk kunst hadde like høg kunstnarisk verdi som nye skulpturar. Filmen under viser korleis dei romerske skulpturane bygger vidare på den greske tradisjonen. Dei romerske bilethoggarane henta ideala sine frå kunsten i Hellas. Samtidig gjorde dei kunsten endå meir personleg og forteljande. (Filmen er to minutt lang, og lyden er berre musikk.)

Byste av ei kvinne. Foto.

Romarane er kjende for portretta sine, både av keisarar og av vanlege menneske. Keisarar, generalar og personar av militær rang blei gjerne portretterte i militær drakt, mens sivile borgarar blei framstilte i toga. Portrett av keisarinner blei kombinerte med gudinnekroppar.

I gravbystene var portrettlikskapen viktig. Dei avbileta både ansiktstrekk og fysikk. Slik ville kunstnaren halde fast ved vesenet til den avdøde personen.

Propaganda

Atletisk mann i romersk militærdrakt står og peiker med høgre hand. Foto.

Romersk kunst var tett samanvoven med politikk og propaganda. Studerer du eit portrett av Augustus, Romarrikets første keisar, kjem dette klart fram. I den frittståande marmorskulpturen står Augustus i ein kontraposto-stilling. (Du kan lese meir om denne stillinga i beskrivinga av Spydberaren i Skulpturar i det antikke Hellas.) Skulpturen tek med seg det greske, klassiske idealet og vidareutviklar uttrykket.

Keisaren er kledd i militær drakt, og han har høgre arm utstrekt som om han vender seg til troppane sine. Han utstråler makt og leiing og blir framstilt som sterk og uovervinneleg. Her blir kunsten brukt som propaganda. Statuen er ikkje berre eit portrett. Han viser òg rolla til keisaren som sigerherre og skapar av den Romerske freden, Pax Romana.

Trajansøyla

Trajansøyla står framleis på same stad som ho blei reist, på Trajans forum i Roma. Urna til keisaren er plassert under sokkelen. Søyla fungerer derfor både som gravplass og som ein del av det store palassanlegget.

Bileta på søyla er som ein teikneserie som kan lesast frå botnen og opp. Fleire scenar er sette saman og fortel om keisar Trajans troppar som går over Donau og erobrar det som i dag er delar av Romania. Figurane er utforma som relieff. Dei står ut frå søyla og har tredimensjonal verknad.

Biletkollasj av Trajansøyla. Fem ulike bilete sette saman viser både heile søyla og nærbilete av ulike utsnitt. Fotokollasj.

Relatert innhald

Romarriket har hatt stor innverknad på dagens samfunn. Korleis utvikla verdsriket seg, og korleis det blei ein smeltedigel for ulike kulturar?

Romersk ingeniørkunst, interiør, kles- og hårmote i perioden frå 300 før vår tidsrekning til år 400.

Kjelder

Greve, K. (2022, 8. februar). Freske. I Store norske leksikon. https://snl.no/freske

Lindhagen, M. P. (2023, 22. november). Romersk kunst. I Store norske leksikon. https://snl.no/romersk_kunst

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998) Det skapende menneske, Kunst og kulturhistorie 1. Universitetsforlaget.

Romersk kunst. (2024, 8. februar). Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Romersk_kunst

Steen, T. & Iddeng, J. W. (2019, 28. november). Augustus - første romerske keiser. I Store norske leksikon. https://snl.no/Augustus_-_f%C3%B8rste_romerske_keiser

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2024

Læringsressursar

Antikken i Roma