Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Propagandakunst i Romarriket?

Korleis kan kunst brukast til propaganda? Romersk kunst frå keisartida vart laga for å styrke posisjonen til keisaren. Reflekter over og diskuter den romerske kulturen, og bli betre kjend med den kunsthistoriske perioden. Etterpå skal de øve på å teikne ei byste.
Statue av mann med kort hår, markert, lett krumma nase og kraftig hals. Foto.
Ordforklaringar
propaganda
medviten manipulering av folks kjensler og tankar for å få dei til å meine eller gjere bestemde ting
byste
eit bilethoggararbeid av eit menneskehovud og øvste del av overkroppen (utan armar)

Kunst som vil formidle ei meining, ei politisk retning eller påverke folks tankegang på ein veldig direkte måte, kallar vi propagandakunst. Romersk kunst frå keisartida vart laga for å styrke posisjonen til keisaren og skape oppslutning om styret.

Del 1: Undersøk og diskuter

  1. Finn tre døme på propagandakunst frå Romarriket. Her kan det lønne seg å bruke søkeorda "propaganda art" i kombinasjon med "the Roman Empire". Ver kritisk til kjeldene og dobbelsjekk at bileta du finn, kjem frå rett tidsepoke.

  2. Prøv, saman med ein medelev, å finne ut korleis desse døma blei brukte, og kva keisaren ville oppnå.

  3. Diskuter om det finst noka form for propandakunst i dagens samfunn?

Samanfatt det de fann ut, i klassen etterpå.

Del 2: Teikn ein studie av ei byste

Utstyr og teknikk

Foreslåtte reiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit

Papirstorleik: A3 i ståande format

Teknikk: skravering

Skulptur av eit mannshovud med hals framanfrå. Foto.

Du skal teikne ein studie av ein romersk byste. Set bysten på eit bord og klargjer han med ei lampe. Det er viktig å legge merke til bakgrunnen og lyssetjinga av bysten. Dette kan hjelpe deg til å lage ein god komposisjon og til å få fram djupneverknad i teikninga di.

  1. Jobb med å finne ei god plassering av motivet på arket. Studer proporsjonane og teikn forma med lett oppteikning.

  2. Bruk skravering for å skape valørar. Bruk lys- og skuggespel til å få fram volum og teksturen i materialet.

  3. Du vel sjølv om du vil tilsetje fargar på studieteikninga di.

Kjelde

Skirbekk, S. (2020, 9. juli). Propaganda. I Store norske leksikon. https://snl.no/propaganda.

Relatert innhald

Vi utforskar måleri, mosaikkar, metallkunst, skulpturar og relieff frå antikkens Roma. Kunstformene har hatt mykje å seie for Europas kulturhistorie.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2024

Læringsressursar

Antikken i Roma