Hopp til innhald

Fagstoff

Antikken i Roma

Romarriket (frå 753 f.Kr. til 476 e.Kr.) har hatt stor innverknad på dagens samfunn. Romarane bygde vidare på greske tradisjonar, men fylte dei med nytt liv. Mens grekarane var interesserte i mennesket og verdien det hadde, blei romarane meir opptekne av å ha kontroll og makt.

I animasjonsfilmen under (tre minutt) får du høyre om fleire viktige hendingar frå Romarrikets vekst og fall.

Romarriket

Romarane forbetra hæren ved å profesjonalisere han. Dette førte til at dei sigra på slagmarka. Hæren bestod av yrkessoldatar, og ikkje jordeigarar som måtte betale for eigne våpen. Med ein profesjonell hær bygde romarane eit nytt verdsrike. Animasjonen under viser korleis Romarriket vaks frå 510 f.Kr., og korleis det blei delt og gjekk under.

Forklart i teksten. Animasjon.

Vegsystem

Roma vart eit politisk maktsentrum for heile riket. Du kjenner kanskje det kjende ordtaket: "Alle vegar fører til Rom"? Romarane bygde ut eit fantastisk vegsystem som vart avgjerande for framdrifta til hæren. Med ein avstand på to–tre mil låg det skysstasjonar der ryttar og hest kunne kvile. Viktige beskjedar nådde derfor fort fram, og ein ryttar kunne legge bak seg opp til ti mil på ein dag

Bil køyrer på brusteinsbelagd gate. Steinane er av ujamn storleik. Foto.

Kulturelt mangfald

For dei erobra landområda betydde det å bli innlemma i Romarriket betre levestandard. Innbyggarane kunne hevde rett på vern og dei same rettane som romarane sjølve hadde, fordi dei betalte skatt til imperiet.

Romarane forstod kor viktig det var å respektere andre kulturar, og ikkje minst sørge for at ein fredeleg provins ikkje ville gjere opprør. Romarriket blir derfor å rekne som ein smeltedigel. Det vil seie at ulike kulturar og samfunnsgrupper "smeltar saman" og skaper ein ny, unik kultur. Dette førte til blomstring innan politikk, kultur og kunst.

Ein triumfboge som er bygd saman med akveduktar. Menneske bevegar seg i landskapet. Illustrasjon.

Kvinners stilling

Korleis kvinner hadde det, var avhengig av sosial klasse. Kvinnene frå overklassen blei friare enn dei hadde vore i det antikke Hellas. Dei kunne ferdast ute og ha sosial omgang med menn. Når dei gifta seg, kunne dei behalde og administrere sine eigne pengar og eigedelar. Dermed blei dei meir uavhengige. Men dei fekk ikkje delta i politikk, det var domenet til mennene.

Relatert innhald

Vi utforskar måleri, mosaikkar, metallkunst, skulpturar og relieff frå antikkens Roma. Kunstformene har hatt mykje å seie for Europas kulturhistorie.

Romersk ingeniørkunst, interiør, kles- og hårmote i perioden frå 300 før vår tidsrekning til år 400.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2024

Læringsressursar

Antikken i Roma