Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein god leiar?

I denne oppgåva skal de reflektere over og vurdere kva som kjenneteiknar ein god leiar. Oppgåva kan løysast individuelt, men eignar seg òg godt som gruppearbeid.
Kvinne i forgrunnen på eit gruppemøte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Kva meiner vi med leiing?

  2. Lag ei liste over fem til ti eigenskapar de meiner er viktige for ein god leiar.

  3. Ta utgangspunkt i nokon de synest er ein god leiar. Reflekter over arbeidsoppgåvene leiarstilen til leiaren. Grunngi kvifor de ser på denne leiaren som ein god leiar.

  4. Lag gjerne ein presentasjon som oppsummerer det de har komme fram til i dei førre oppgåvene. Presenter for klassen.

Tips

Lytt gjerne til intervju med ulike leiarar før de vel kva leiar de vil ta utgangspunkt i.

Podkasten Lederliv

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Leiing, samhandling og team