Film og filmklipp
FNs berekraftsmål - unge leiestjerner
Kvart år nominerer Dagens Næringsliv 30 leiarar under 30 år til "årets leiestjerner". Nominasjonen
løftar fram unge leiarar som fokuserer på berekraft og skaper gode løysingar. I videoen høyrer vi kvifor Jenny Skavlan, som var med i juryen i 2020, synest det er viktig at berekraft blir lønnsamt.
Elin Nørve er grunnleggjar og dagleg leiar i leiarutviklingsprogrammet Future Leaders, der ho jobbar med å utvikle unge leiarar til å ta gode val for planeten.
Nørve blei i 2020 nominert som leiestjerne, og nedanfor kan du sjå eit intervju med henne i dette høvet.
Ein annan som i 2020 blei nominert til leiestjerne er Ida Pernille Hatlebrekke. Nedanfor kan du sjå eit intervju med ho i samband med dette.