Hopp til innhald
Oppgåve

Rollene til personalet og leiinga i Apple

Apple er ei av dei mest verdifulle merkevarene i verda. Kva roller har personalet og leiinga spelt i gjennomføringa av marknadsføringsstrategien til selskapet? Det skal de reflektere over og vurdere i denne oppgåva.

For å reflektere over og vurdere rollene til personalet og leiinga i Apple kan det vere formålstenleg å starte med å sjå på historia til verksemda. Jobs er ein biografisk spelefilm om avdøde Apple-gründer Steve Jobs (1955–2011). Jobs etablerte selskapet Apple Computer i 1976 saman med Steve Wozniak. Filmen kan du sjå nedanfor.

Finn relevant informasjon på nett. Nettside: Apple.com

Oppgåve

Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire. Presenter refleksjonane og det de har komme fram til for klassen, eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

  • Kva inntrykk har de av leiarstilen til den tidlegare Apple-sjefen Steve Jobs?

  • Kven er Apple-sjef i dag, og kva trur de kjenneteiknar leiarstilen til dagens Apple-sjef?

  • Reflekter over og vurder rollene til personalet og leiinga i Apple i gjennomføringa av Apples .

Tips

Ta utgangspunkt i kva de sjølve veit om Apple og marknadsstrategien for selskapet. Søk ytterlegare informasjon på nettet og sjå gjerne filmen Jobs for å få eit innblikk i historia til Apple.

I kva grad er leiinga og personalet synlege i marknadsstrategien til Apple? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som seier noko om rollene til leiinga og personalet.