Film og filmklipp
Vippa og relasjonsleiing
Som dagleg leiar for mathallen Vippa i Oslo er Kaja Skovborg-Hansen oppteken av inkludering og korleis ein skaper meiningsfulle liv.
På Vippa mathall i Oslo har fleire flyktningar starta matbod med mat frå heimlandet. Dagleg leiar Kaja Skovborg-Hansen synest det er viktig at folk får jobbe med ting dei liker og som gjer dei glade, i tråd med god relasjonsleiing. I videoen under forklarer ho korleis mathallen Vippa er med på å skape meiningsfulle liv.
Tenk over
Kaja seier at fleire verksemder bør leggje til rette for at folk skal få lov til å halde på med noko dei liker og skape seg meiningsfulle liv. Kva meiner ho med det?