Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på refleksivt pronomen og verb

Lær meir om kva refleksivt pronomen er, og korleis du bruker det saman med verb.

Oppgåve 1. Set om til førstespråket ditt

  1. Set om setningane under til førstespråket ditt:

    • Eg vaskar meg kvar morgon.

    • Han forsøv seg ofte.

    • Vi gler oss til sommaren.

  2. Legg merke til orda meg, seg og oss. Korleis set om du nettopp desse orda til førstespråket ditt?

  3. Diskuter med ein annan elev i klassen: Kva ordklasse trur de desse orda høyrer til på norsk, og kva meiner de dei har i setninga?

  4. Les fagartikkelen "Refleksivt pronomen og verb".

  5. Diskuter med ein annan elev: Har de refleksivt pronomen i førstespråka dykkar, slikt norsk har?

Oppgåve 2. Kva viser pronomenet tilbake til?

Oppgåve 3. Skriv inn rett refleksivt pronomen

Oppgåve 4. Fyll inn verb og refleksiv form

Oppgåve 5. Lag ei gloseliste

Lag ei liste for deg sjølv over alle verba med refleksiv form du har lært mens du har lese fagartikkelen og gjort oppgåvene på denne sida. Lag døme på norsk og set om til førstespråket ditt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024

Læringsressursar

Pronomen