Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kan vere vanskeleg med personlege pronomen?

Personlege pronomen kan vere vanskelege viss dei blir brukte på ein heilt annan måte i førstespråket ditt enn i norsk. Her går vi gjennom det mange med norsk som andrespråk synest er vanskelegast med personlege pronomen.

Tre strekfigurar, to i forgrunnen og ein langt unna i bakgrunnen. Strekfigur nummer 1 peiker på seg sjølv. Strekfigur nummer 2 peiker på strekfigur nummer 1. Strekfigur nummer 3, som står i bakgrunnen, rekker opp ei hand. Illustrasjon.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Personleg pronomen
Personlege pronomen er ein type pronomen som viser til personar, dyr eller ting. Døme på personlege pronomen er eg, vi og han.
Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Objekt
Objektet i ei setning er ho eller det handlinga er retta mot. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "vatn" objektet.
Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme er hus, tanke og Adam.

Kva er personleg pronomen?

Stort sett alle språk har personlege pronomen. Dette er dei personlege pronomena på norsk:

Dei personlege pronomena på norsk

Subjekt

Objekt

Eintal 1. person

eg

meg

Eintal 2. persondudeg
Eintal 3. person

han

ho

det

han

ho/henne

det

Fleirtal 1. person

vi/me

oss

Fleirtal 2. personde/dokkerdykk/dokker
Fleirtal 3. persondeidei

I setninga "Eg elskar deg" er orda "eg" og "deg" personlege pronomen. Personlege pronomen bruker vi altså for å seie noko om kva rolle deltakarane har i ein situasjon. Her er det "eg" som fortel "deg" om kjenslene sine.

Ofte står personlege pronomen i staden for eit substantiv. Til dømes kan vi seie dette: "Eg besøkte mamma i går. Ho har vore sjuk." I den siste setninga står pronomenet "ho" i staden for og viser tilbake til substantivet "mamma".

No som du veit kva personleg pronomen er, kan vi gå inn på tre vanlege utfordringar ved personlege pronomen på norsk.

1. To ulike former

Viss du ser på tabellen over, vil du legge merke til at mange av dei personlege pronomena har to ulike former. Du skal bruke den eine forma når pronomenet er i ei setning, og den andre når subjektet er . Sjå til dømes på pronomena eg, meg, ho og henne i denne setninga:

  • Eg elskar henne, men trur du ho elskar meg?

I setninga framfor kommaet er eg subjekt, mens henne er objekt. I setninga etter kommaet er ho subjekt og meg objekt.

Mange er vande til dette systemet frå førstespråket sitt, men om du har eit førstespråk utan ulike former av personlege pronomen, kan det ta litt tid å lære seg.

2. Pronomenet vere med

Viss du lagar ei setning der subjektet eller objektet er eit pronomen, pronomenet vere med som eit eige ord. I mange språk kan vi lage rette setningar utan pronomenet, men slik er det ikkje på norsk.

Når pronomenet er subjekt

Norsk har . Det betyr at alle setningar må ha subjekt. I denne setninga er til dømes det personlege pronomenet eg subjekt i setninga:

  • Eg kjøpte ei kake.

Det går derfor ikkje an å skrive dette:

  • Kjøpte ei kake.

I mange språk går det fint å skrive setningar utan pronomenet. Dette gjeld både spansk, swahili og polsk. Ein vanleg feil er derfor å skrive setningar utan subjekt.

Når pronomenet er objekt

Du kan heller ikkje å bruke pronomenet når det er objekt i setninga. Sjå til dømes på denne setninga, der det personlege pronomenet meg er direkte objekt:

  • Han besøkte meg.

Andre språk har ulike måtar å vise objektet på. På arabisk vil til dømes objektet vere ein del av verbet, ikkje eit eige ord.

Etter preposisjonar

Etter preposisjonar bruker vi objektsforma av pronomena. I desse setningane står pronomena henne, han og dei i objektsform fordi dei står etter preposisjonane med, til og .

  • Han snakkar med henne.

  • Vi kjøpte dei til han.

  • Ho tenker alltid på dei.

Tenk over

Korleis er reglane for pronomen som subjekt eller objekt på førstespråket ditt? Bruk eksempelsetningane over og set om til førstespråket ditt.

3. Tredje person eintal kan vere vanskeleg

Ofte bruker vi det personlege pronomenet for å vise til eit . Det er særleg dei personlege pronomena i tredje person eintal som kan vere litt vanskelege. Dei er han, ho og det. På norsk bruker vi desse ulikt avhengig av om vi viser til

  • ein person som er hankjønn

  • ein person som er hokjønn

  • eit dyr

  • ein ting

Han, ho og det

Legg merke til korleis dei personlege pronomena han, ho og det blir brukt i setningane under:

  • Eg kjenner ein mann. Han er veldig snill.

  • Eg ser mora di. Ho står der borte.

  • Har du sett det nye huset mitt. Det var veldig dyrt.

Vi bruker altså han når vi viser tilbake til ein person som er hankjønn, ho når vi viser tilbake til ein person som er hokjønn, og det når vi viser tilbake til ting.

Ein ung mann står på ein terrasse og held ein stor hund i armane. Foto.

Samanlikn med førstespråket ditt

Kan du sjå nokre viktige forskjellar mellom personlege pronomen på norsk og førstespråket ditt etter å ha lese denne teksten?

Trekk ut det du meiner er ein viktig forskjell, og forklar til ein annan i klassen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2024

Læringsressursar

Pronomen