Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på personlege pronomen på norsk

I denne oppgåva skal du lære meir om personlege pronomen både ved å samanlikne med førstespråket ditt og ved å fylle inn ord. Du skal òg lære kvifor rett bruk av pronomen kan gjere deg til ein betre skrivar.
Jente kikkar rett mot deg. Lause ark svever rundt i bakgrunnen. Manipulert foto.

Oppgåve 1. Samanlikn med førstespråket ditt

  1. Diskuter i par: Kva er dei personlege pronomena i desse setningane?

    1. Eg elskar henne, men trur du ho elskar meg?

    2. Eg kjøpte ei kake.

    3. Eg kjenner ein mann. Han er veldig snill.

    4. Eg ser mor di. Ho står der borte.

    5. Eg har ein hund. Han er snill.

    6. Han har eit hus. Det er fint.

    Fasit
    1. eg, henne, du, ho, meg

    2. eg

    3. eg, han

    4. eg, ho

    5. eg, han

    6. han, det

  2. Set om setningane til førstespråket ditt. Legg merke til korleis du set om dei norske personlege pronomena til førstespråket ditt.

  3. Studer omsetjinga di. Klarer du å legge merke til nokre forskjellar i måten norsk og førstespråket ditt bruker personlege pronomen på?

  4. Les fagartikkelen "Kva kan vere vanskeleg med personlege pronomen?".

  5. Gå tilbake til svaret ditt på oppgåve C. Fyll ut no som du har lært meir om personlege pronomen på norsk.

Oppgåve 2. Vel rett setning

Vi bruker ofte personlege pronomen i staden for substantiv. I oppgåva under ser du ei setning øvst. Vel den setninga under som har riktige personlege pronomen som erstatning for substantiva.

Hugs at du må velje rett form av pronomenet etter som det står som eller i setninga.

Oppgåve 3. Skriv om setninga

Skriv setninga på nytt. Du skal erstatte substantiva med pronomen. Hugs punktum og stor bokstav.

Her er eit døme:

Det står: Mannen gir dama ei bok.

Du skal skrive: Han gir henne ei bok.

Oppgåve 4. Fyll inn pronomenet

Vi erstattar ofte substantiv med pronomen for å lage eit meir variert språk. Det betyr at vi ikkje vil bruke dei same orda om igjen. I teksten under skal du erstatte substantivet i setninga framfor med eit pronomen.

Du kan trykke på knappen i boksen for å få tips om kva ord pronomenet skal erstatte.

Oppgåve 5. Skriv ei kort historie

  1. Lag ei kort historie på 30–100 ord. Øv deg på å la ulike pronomen vise tilbake til substantiv i setninga før. Målet er å skrive på ein variert måte.

  2. Byt tekst med ein annan elev. Gi kvarandre tilbakemelding på om dykk har brukt substantiv og pronomen på rett måte.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2024

Læringsressursar

Pronomen