Setningar med adverbial og objekt
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Setningsledd
- Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eitt eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
- Subjekt
- Subjektet er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "Nina" subjekt.
- Verbal
- Verbal er setningsleddet som viser handling. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "kjøpte" verbal.
- Objekt
- Objekt er setningsleddet handlinga er retta mot. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "skjerfet" objekt.
- Adverbial
- Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I den siste setninga er "fort" adverbial.
- V2-regelen
- V2-regelen seier at verbalet skal på andreplass i hovudsetningar på norsk. Derfor byter subjekt og verbal plass viss vi flytter eit anna ledd enn subjektet først i setninga: "Eg et no" og "No et eg".
Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"
Når adverbialet står sist, skal objektet stå etter verbalet:
I setninga "Han kjøper gåver kvar jul" er "kjøper" verbal, "gåver" objekt og "kvar jul" adverbial.
I setninga "Vi et pizza på restaurant" er "et" verbal, "pizza" objekt og "på restaurant" adverbial.
Når adverbialet står først, skal objektet stå etter subjektet.
I setninga "Kvar jul kjøper han gåver" er "kvar jul" adverbial, "kjøper" verbal, "han" subjekt og "gåver" objekt.
I setninga "I dag et Adam pizza "er "i dag" adverbial, "et" verbal, "Adam" subjekt og "pizza" objekt.
Det er ganske vanleg at ei setning har to adverbial, til dømes eit som seier noko om stad (i Oslo) og eit som seier noko om tid (på måndag). Då skal stadsadverbialet stå framfor tidsadverbialet:
I setninga "Eg skal kjøpe gåver i Oslo på måndag" er "i Oslo" stadsadverbial og må stå framfor "på måndag", som er tidsadverbial.
Når tidsadverbialet er først
Men når setninga har to adverbial, kan du òg ha tidsadverbialet først. Då skal stadsadverbialet stå til slutt:
I setninga "På måndag skal eg kjøpe gåver i Oslo" er "på måndag" tidsadverbial og står først i setninga, mens "i Oslo" er stadsadverbial og må stå sist.
Gå vidare i læringsstien for å lage lengre setningar med både subjekt, verbal, objekt og adverbial.
Relatert innhald
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.