Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Korleis lage gode leddsetningar?

Oppgåve

Øv på enkle leddsetningar

Finn leddsetningane og øv på å lage enkle leddsetningar.

Dette er ein del av ein læringssti om leddsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til artikkelen "Kva er ei leddsetning?"

Oppgåve 1

Dra leddsetninga som passar til heilsetninga til rett boks. Hugs at det skal vere komma etter leddsetninga om ho står først.

Oppgåve 2

Bruk rett subjunksjon for å binde saman leddsetninga og heilsetninga.

Oppgåve 3

Set subjekt og verbal på rett plass i leddsetninga.

Oppgåve 4

Skriv orda i rett rekkefølge i leddsetninga.

Oppgåve 5

  1. Gå i par. Lag fem setningar. Kvar setning skal beskrive eit av bileta under. Setningane skal innehalde både ei leddsetning og ei heilsetning.

  2. Kvart par går opp på tavla og skriv setningane sine. Diskuter i klassen om ordstillinga i setninga er rett.

Tips!

Ikkje lag for lange setningar. Prøv å halde deg til subjekt, verbal og objekt i leddsetninga.

Oppgåve 6

  1. Omset setningane under til førstespråket ditt:

    • Når barna leikar ute, blir dei skitne.

    • Då regnet stoppa, kom sola.

    • Ho gav han ei gåve, sidan han hadde bursdag.

  2. Skriv ei kort samanlikning av korleis setningsledda subjekt, verbal og objekt skal vere i norsk og på førstespråket ditt. Du kan bruke setningsstartarane under til hjelp:

    • På norsk skal subjektet stå..., mens etter subjektet kjem.... Heilt til slutt skal...

    • Noko som er likt mellom norsk og førstespråket mitt, er at ...

    • Noko som er ulikt mellom norsk og førstespråket mitt, er at ...

    • På førstespråket mitt bruker vi ikkje leddsetningar, i staden ...

  3. Gå med to–tre andre i klassen. Vis kvarandre omsetjingane dykkar og forklar kvarandre munnleg kva likskapar det er mellom norsk og førstespråket i ordstilling i leddsetningar.

Gå vidare i læringsstien for å lære om leddsetningar med adverbial.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2023