Kva er ei leddsetning?
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Verbal
- Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbal.
- Subjekt
- Subjektet er den som handlar i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
- Adverbial
- Adverbialet seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I den siste setninga er "fort" adverbial.
- Heilsetning
- Heilsetningar kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal: "Han går." I denne setninga er "Han" subjekt og "går" verbal.
- Leddsetning
- Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine. Eit døme er setninga "fordi vi er sjuke". Vi kjenner leddsetningar igjen ved at dei startar med ein subjunksjon, som til dømes at, når, fordi, då...
- Ordstilling
- Ordstilling er rekkefølga orda kjem i i ei setning. Ulike språk har ulike reglar for ordstilling.
- V2-regelen
- V2-regelen beskriv at verbalet skal stå på andreplass i vanlege heilsetningar i norsk språk: "Eg et no" og "No et eg". I desse to setningane er "et" verbal. Legg merke til at subjektet "eg" flyttar seg bak verbalet "et" i den siste setninga. Årsaka er altså V2-regelen.
Ei leddsetning er ei setning som ikkje gir meining om ho står åleine. Sjå til dømes på desse to setningane:
at han ville reise
fordi han er sjuk
Ingen av dei er forståelege utan at vi legg til noko. Årsaka er at dei er leddsetningar. Ei leddsetning må ha litt meir for at vi skal forstå kva ho betyr. Vi må legge til ei heilsetning:
Han sa at han ville reise.
Fordi han er sjuk, kjem han ikkje.
Subjunksjonar
Leddsetningar blir innleidde av subjunksjonar. Subjunksjonar er småord som fordi, at, viss, når, då og som.
Eit anna namn på desse er underordningsord. Det betyr at dei ordnar leddsetninga under heilsetninga. For ofte er det slik at heilsetninga har den viktigaste informasjonen, mens leddsetninga har informasjon i tillegg.
Leddsetninga kan stå både først og sist i ei setning:
Viss du ikkje kjem, blir eg lei meg. (Leddsetninga "Viss du ikkje kjem" står først).
Eg blir lei meg viss du ikkje kjem. (Leddsetninga "viss du ikkje kjem" står sist).
Komma eller ikkje?
Når leddsetninga står først i setninga, skal det vere komma. Når leddsetninga står sist, skal det ikkje vere komma:
Då han flytta, blei kona igjen. (Leddsetninga "Då han flytta" står først).
Kona blei igjen då han flytta. (Leddsetninga "då han flytta" står sist).
Leddsetningar har ei litt anna ordstilling enn heilsetningar.
Heilsetningar
I heilsetningar kan adverbialet både stå sist og først i setninga. Når vi flyttar adverbialet først, må vi hugse å setje verbalet på andreplass (V2-regelen):
Eg er mett no. (I denne setninga står adverbialet "no" sist).
No er eg mett. (I denne setninga står adverbialet "No" først).
Leddsetningar
Men i leddsetningar er ordstilling veldig fast. Ledda skal alltid stå slik: Subjunksjon – subjekt – verbal.
Fordi eg åt middag, er eg mett no. (I leddsetninga "fordi eg åt middag" står subjunksjonen "fordi" først, deretter subjektet "eg" og til slutt verbalet "åt".)
V2-regelen når leddsetninga er først
Det er òg noko anna du må legge merke til når det gjeld ordstilling. Sjå til dømes på kva som skjer med subjektet og verbalet i heilsetninga i desse to setningane, der "eg" er subjekt og "blir" er verbal i begge heilsetningane:
Når eg syklar, blir eg glad.
Eg blir glad, når eg syklar.
Når leddsetninga står først, skal verbalet stå rett etter komma. Men når leddsetninga står sist, skal verbalet på andreplass.
V2-regelen
Årsaka er V2-regelen. I setninga med leddsetning først blir leddsetninga rekna som eitt ledd. Siden verbalet må på andreplass i heilsetningar, skal det stå etter leddsetninga.
Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage enkle leddsetningar.
Relatert innhald
Lær å lage leddsetningar med lappemetoden.