Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk nabospråkforståinga

I denne oppgåva skal de lage hypotesar, utforske og konkludere. Emnet de skal utforske er språkforståinga mellom nabolanda i Norden.

Oppgåve

Del 1: Kva kan du frå før?

Jobb aleine:

  • Kva land består Norden av?
  • Kva med Skandinavia?
  • Kor mange språk blir snakka i Norden?
  • Kva er nordiske språk?

I grupper:

Samanlikn svara dykkar. Om det er noko de er ueinige om, bruk Snl.no til å finne ut kva som er riktig svar.

Del 2: Lag hypotesar

Det har blitt forska på kor godt ungdommar i dei nordiske landa forstår kvarandre. Kva trur de forskarane fann ut?

  1. Lag minst tre hypotesar om kor godt eller dårleg ungdommane i dei ulike landa forstår kvarandre.
  2. Lag ei forklaring til kvar hypotese.

Døme

  • Ein god hypotese er forma som eit spørsmål de kan finne eit svar på: "Vi trur ungdommar frå... forstår dei skandinaviske språka best".
  • De bør òg forklare kvifor de har laga akkurat denne hypotesen: Årsaka til at vi trur det, er at ...

Del 3: Utforsk hypotesane

No skal de prøve å finne ut om hypotesane dykkar stemmer eller ikkje. Bruk gjerne dei fire vedlagde artiklane som hjelp. Finn de ikkje svar her, så spør læraren dykkar om tips til gode kjelder.

Tips:

  1. Det kan vere lurt å fordele dei ulike artiklane under mellom dykk og skrive ned svar. Etterpå skal de samanlikne svara dykkar og finne ut om kjeldene seier det same.
  2. Skriv òg ned om de finn moment som overraska dykk, og som de ønskjer å utforske vidare.

Relatert innhald

Del 4: Samle data

  1. Diskuter alle funna dykkar på gruppa og skriv ned
  • om hypotesane dykkar stemde eller ikkje
  • om forklaringane dykkar var haldbare
  • om det var forklaringar de ikkje hadde tenkt på

Døme:

Vi på gruppa trudde at færøyingane hadde dårlegast nabospråkforståing i Norden. Årsaka var at vi ikkje forstår færøysk, og derfor reknar vi med at dei ikkje forstår oss. Det at språka ligg så fjernt frå kvarandre, og har så ulikt ordforråd, meiner vi altså at forklarer svak nabosspråkforståing.

Denne hypotesen viste seg å vere heilt feil. Faktisk har færøyingane best nabospråkforståing av alle i Norden. Årsakene er

  • at dei har eit ordforråd som er så likt norsk og dansk
  • at dei lærer dansk på skulen
  • at dei har positive haldningar til skandinaviske språk

Del 5: Del i klassen

Skriv opp alle dei viktige funna og forklaringane de har gjort, slik at heile klassen kan sjå det. De kan bruke tavla eller eit dokument som heile klassen kan skrive inn i.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk