Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er det med det danske språket?

Kvifor står det så dårleg til med dansk språk og språkforståing? Professor Kjell Lars Berge meiner danskane kan takke seg sjølve. Dei har nemleg tillate at det har vorte stor avstand mellom tale og skrift.

Sjå humorvideo på NRK om danskar med språkproblem.

Det danske språkproblemet

I tv-serien Ut i vår hage harselerer komikarane Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen over det danske språket. Dei meiner at danskane har så store problem med å forstå kvarandre at den daglege kommunikasjonen heilt har brote saman. I sketsjen bønnfell dei det internasjonale samfunnet om å hjelpe det danske folket før det er for seint!

Sketsjen overdriv sjølvsagt i måten han skildrar den danske språksituasjonen på, men har også eit snev av sanning i seg. Forsking viser at danske barn lærer å snakke seinare enn barn i Sverige og Noreg, og at danskane har fleire rettskrivingsfeil no enn for 30 år sidan. Når det gjeld skandinavisk språkforståing, kjem òg danskane dårlegast ut: Dansk er det språket svenskane og nordmennene har mest problem med å forstå, og danskane skårar lågast på nabospråkforståing.

Oppgåve 1

Les artikkelen Sosiale medium øydelegg språket og svar på spørsmåla under:

  1. Kva meiner leiaren for det danske språkrådet er hovudårsaka til alle rettskrivingsfeila mellom dei som skriv dansk ?
  2. Kva for argument brukar ho for å underbyggje denne påstanden?
  3. Kva meiner Kjell Lars Berge er årsaka til at danskane skriv meir feil enn før?

Oppgåve 2

Tenk deg at du er leiar for det norske språkrådet. Korleis ville du syta for at det til kvar tid er samsvar mellom det norske talemålet og det norske skriftspråket?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk