Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp til å forstå dansk

Kor godt forstår du dansk? Her skal du både teste – og forsøke å auke – forståinga di. Du skal òg bruke fagomgrep for å peike på forskjellar mellom norsk og dansk.

Del 1: Lytt til dansk

  1. Lytt til Anna Juul i videoen frå DR3 over. Pass på at de har slått av teksten.
  2. Fortel att Anna Juuls råd til kvarandre. Ranger i tillegg forståinga dykkar på ein skala frå 1–10. Om de synest forståinga dykk var dårleg – prøv å forklare kva som er vanskeleg å forstå med dansk tale.
  3. Sjå videoen ein gong til, men denne gongen med tekst. Kor godt forstår de innhaldet i videoen no?

Del 2: Fargelegg tekst

Under ser du teksten til første halvdelen av videoen. Klipp ut teksten og lim inn i eit dokument der du kan redigere. No skal de fargeleggje teksten slik:

  • ord som betyr det same og som blir stava likt som på norsk – grøne
  • ord som betyr det same, men som blir stava eller bøygd forskjellig – gule
  • ord som ikkje finst på morsmålet – raude (men ikkje dei engelske då)
  • ord vi har på norsk, men som betyr noko anna hos oss – blåe
  • Ord du ikkje forstår – tjukk skrift

Mit navn er Anna Juul. "Hvad er dit Clame to fame, Anna Juul" spørger du måske, mens du ser denne her video under dit munnbind. Svaret er ikke riktigt noget, udover det faktum at jeg er skizofren, hvilket er sådan lidt trist, men samtidig: "Work what you've got. Hvis du under lockdown har lært at bake perfekte kanelsnurrer eller har gennemført Red Dead Redemption et par gange, tabt dig eller er kommet i bedre form, eller lært at lave mad: Super fedt. Deiligt for dig. Det synes jeg virkelig er flot. Hvis du har gjort intet av ovenstående, eller noget som helst andet for den sags skyld, så er vi i samme båd. Da jeg gik ind i lockdown nr. 1, tænkte jeg "jeg skal tabe mig, jeg skal komme i bedre form, jeg skal skrive min næste bog. Og jeg har gjort nul. Og det er okay. Det standpunkt har jeg i hvert fald valgt at tage. Og at det er rigtig svært på dag 300 at udvise samfundssind, men bare det at man prøver at eksistere, er at udvise samfundssind. Kender du det der med at hele din sociale tilværelse bliver taget fra dig, og du er bare sådan lidt "Okay, super fedt. Det er også meget sjovere at møtes med folk til et glas vin på Zoom"

Gå saman i grupper og diskuter:

  • Kor mange av orda markerte de med tjukk skrift?
  • Kor stor del av teksten blei raud og blå? Vil de seie at ordforrådet er svært likt eller ulikt på dansk og norsk?
  • Prøv å lese teksten høgt for kvarandre på dansk. Korleis lykkast de no?
  • Konkluder: Korleis er forståinga av dansk tale og dansk skrift i gruppa?

Del 3: Dei gule orda

Vi skal sjå nærare på dei gule orda i teksten. Kan de fortelje oss noko om forskjellar mellom norsk og dansk? Målet her er å bruke fagomgrep for å forklare kva som skil dei to nabospråka.

Sit i grupper og diskuter kva for nokre av dei gule orda de har fargelagt fordi dei passar inn i ein av kategoriane under:

  • enkel og dobbel konsonant (bokmål: hull, nynorsk: hol, dansk: hul)
  • ld for ll (nynorsk: ball, dansk: bold)
  • bløt konsonant (nynorsk: løpe, dansk: løbe)
  • dobbel bestemming på substantiv (nynorsk: den vesle mannen, dansk: den lille mand)

Del 4

A)

Sjå videoen ein gong til. No skal du leggje merke til korleis Anna Juul seier orda under. Du skal skrive ned uttalen hennar. (Døme: Ordet "koge" uttalar ho "kåo".)

  • bage
  • noget
  • mad
  • båd
  • bog
  • tage

B)

Samanlikn lydskrifta dykkar i grupper. Forklar deretter med eigne ord kva de meiner er forskjellen på norsk og dansk uttale i desse orda.

Kva heiter fenomenet med eit fagomgrep?

Konsonantsvekking: Når det kan vere vanskeleg å forstå dansk for eit uøvd øyre, så heng det saman med det som vert kalla konsonantsvekking og vokalsvekking. Det siste betyr at vokalar i slutten av eit ord vert vekke eller får sterkt redusert uttale. Eitt døme er verbet koge (koke), der -e til slutt ikkje høyrest. Verbet vert uttalt som /kåu/. (Breivik, 2015)

Del 5: Andre særpreg ved dansk

Sjå videoen under om særpreg ved dansk. Lag ei liste over kva som er viktige forskjellar mellom norsk og dansk.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk