Mennesket – eit monster?
Diskuter desse påstandane i klassen:
- Menneske er meir verdifulle enn dyr.
- Vi menneske behandlar dyr på ein forferdeleg måte.
Sjå den korte reklamen for teikneserieutgåva av Sapiens, skriven av den verdskjende historikaren og forfattaren Yuval Noah Harari, under. Korleis synest de han framstiller mennesket?
'Sapiens: A Graphic History' - Official Trailer (YouTube)
Sjå kortfilmen "Et monster på mitt kjøkken" av Greenpeace. Diskuter desse spørsmåla i grupper:
- Kva er bodskapen i filmen?
- Kva verkemiddel bruker filmen for å formidle bodskapen sin?
- Korleis bruker Greenpeace orda "monster" for å vise korleis dyr blir behandla av oss menneske?
- Synest de Greenpeace når fram med bodskapen sin på ein effektiv måte? Grunngi svaret dykkar.
I 1836 skreiv Johan Sebastian Welhaven diktet "Søfuglen". Kva er det han vil formidle med denne teksten? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper. De jobbar etappevis der første oppgåve går ut på at alle i gruppa skal forstå motivet i diktet, deretter skal de gå inn i tematikken.
- Første delmål er at alle skal forstå motivet i diktet, altså kva som skjer. Les diktet mange gonger, diskuter vanskelege ord og innhaldet, slik at de er sikre på at alle i gruppa har forstått innhaldet.
- Kva meiner de er temaet i teksten? Altså – kva vil Welhaven formidle med diktet sitt?
- Korleis synest de "søfuglen" blir beskriven i diktet? Og korleis bidreg ordvalet i diktet til denne skildringa av fuglen? Peik på døme.
- Korleis blir mennesket, her representert gjennom "En Jæger", framstilt?
Søfuglen
En Vildand svømmer stille
Ved Øens høie Kyst;
De klare Bølger spille
Omkring dens rene Bryst.
En Jæger gaar og bøier
Sig i den steile Ur,
Og skyder saa for løier
Det smukke Kreatur.
Og Fuglen kan ei drage
Til Redens lune Skjød,
Og Fuglen vil ei klage
Sin Smerte og sin Nød.
Og derfor taus den dukker
Dybt i den mørke Fjord,
Og Bølgen kold sig lukker,
Og sletter ud dens Spor.
I Søens dybe Grunde
Gror Tangen bred og frisk;
Derunder vil den blunde, -
Der bor den stumme Fisk.(J.S. Welhaven, 1836)
Er synet på forholdet mennesket har til naturen i tekstane typisk for si tid? Finn ut korleis dei romantiske diktarane og dagens tekstar tek for seg temaet mennesket og naturen ved å lese artikkelen som er vedlagt.
Relatert innhald
Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.
Korleis blir eigentleg forholdet mellom mennesket og dyra framstilt i kortfilmen "Et monster på mitt kjøkken" og diktet "Søfuglen"? No skal de samanlikne tekstane ved å peike på både likskapar og forskjellar.
Jobb i grupper:
- Lag ei oversikt sjølv, eller skriv inn i ressursen under.
- Byt oversikt med ei anna gruppe i klassen og samanlikn svara dykkar.
Alternativt:
Lag ei oversikt som liknar den under. Send ho rundt i klassen, slik at alle får skrive inn eitt moment. Gå gjennom oversikta i plenum til slutt.
Relatert innhald
Diskuter kva påverknadskraft ein kortfilm frå Greenpeace har. Og skaper det klima-engasjement eller klimaangst?
Les tekstar med ulike syn på menneska sin plass i naturen og reflekter over kva slags konsekvensar dei ulike ståstadene kan ha.