Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Menneske og natur i eit samisk eventyr og ein moderne sakprosatekst

Det sørsamiske eventyret "Den gylne tida og hvordan den tok slutt" kan lesast som eit varsel om menneska sin påverknad på naturen. I denne oppgåva skal du samanlikne eventyret med eit utdrag frå sakprosaboka Arten som forandret alt.
Mann ligg på ein trestamme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Eit samisk eventyr om mennesket og naturen

Les eventyret " Den gylne tida og hvordan den tok slutt " og diskuter i grupper:

  1. Korleis blir naturen beskriven i eventyret?

  2. Korleis blir forholdet mellom mennesket og naturen beskrive?

  3. Kva eigenskapar ved menneska blir trekte fram som negative for naturen?

  4. Er dette eventyret aktuelt i dag?

Del 2: Les moderne sakprosa om mennesket og naturen

Les innleiinga til sakprosaboka Arten som forandret alt av museumsdirektør Reidar Andersen og professor Hans Stenøien.

Relatert innhald

Innleiinga til boka Arten som forandret alt (2018) av Stenøien og Andersen.

Mens de les, skal de leggje merke til nøkkelorda under. Etter lesinga får de ei oppgåve som tek utgangspunkt i desse stikkorda:

  • Adam og Eva

  • villmark

  • opplysingstida

  • Francis Bacon og det moderne prosjektet

  • Rene Descartes og maskinen
  • kapitalisme – 90 selskap
  • hòlebjørn og sabeltanntiger
  • kortsiktig gevinst
  • den menneskelege naturen

Del 3: Forstod de teksten?

De har nettopp lese ein kompleks sakprosatekst. For å forstå og hugse han betre hjelper det å diskutere dei viktigaste elementa med andre. Set dykk i grupper og diskuter spørsmåla under:

  1. Kvifor trur de forfattarane vel å bruke dei første sidene i boka på historia om Adam og Eva?

  2. Korleis beskriv forfattarane forholdet mellom det moderne mennesket og villmarka?

  3. "Med opplysingstiden endret folks forhold til naturen seg", skriv forfattarane. Kva meiner dei med det?

  4. Hugsar de: Kva meinte filosofen Francis Bacon var det moderne prosjektet til mennesket?
  5. Kva trur de Rene Descartes meinte med at både dyr og naturen var maskinar?
  6. Ei moderne forklaring på miljøkrisa er at kapitalismen og storselskapa har skylda. Er artikkelforfattarane einige i dette? Grunngi svaret dykkar.
  7. Kvifor går forfattaren tilbake til utryddinga av hòlebjørnar og sabeltanntigrar for å forklare miljøkrisa?
  8. Er de einige i at den menneskelege naturen og kortsiktig gevinst kan vere med på å forklare dagens miljøkrise?

Del 4: Lag eit tankekart

Lag eit tankekart der de samanliknar innhaldet i det samiske eventyret "Den gylne tida og hvordan den tok slutt" med sakprosaboka Arten som forandret alt. De bør kome inn på desse spørsmåla:

  • Kva er bodskapen i dei to tekstane?

  • Korleis blir mennesket framstilt i tekstane?

  • Korleis blir mennesket si behandling av naturen framstilt?

Del 5: Frå sakprosa til skjønnlitteratur

Skriv innleiinga frå Arten som forandret alt om til eit eventyr. Eventyret skal ha den same bodskapen som sakprosaboka, men du må bruke språket og verkemidla til eventyret.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket