Oppgåve
Halla, ei moderne miljøheltinne
I Kvinner på krigsstien møter vi Halla. Ho kjempar for miljøet heilt på eiga hand. Men då ho får sjansen til å bli mor, kjem klimaengasjementet i vegen. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar Halla som klimaheltinne.
Diskuter i klassen:
- Er de engstelege for framtida på grunn av klimakrisa?
- Har de, eller kunne de tenkt dykk, å gjere noko ulovleg for å forsvare naturen mot inngrep som kan skade han?
- I filmen de skal sjå, blir det referert til Mahatma Gandhi og Nelson Mandela. Veit de noko om desse to mennene? Viss ikkje – finn ut kva saker dei kjempa for, og korleis dei kjempa.
Jobb aleine:
- Kven var Artemis? Finn illustrasjonar av henne og undersøk kva rolle ho hadde i den greske mytologien. Når du ser filmen, kan du tenkje over om du finn Artemis igjen i denne.
Diskuter i klassen:
- Vil de seie at filmen framstiller Halla som ei heltinne? Grunngi synspunkta ved å vise til hendingar i filmen.
- Kan de forstå at enkeltmenneske kjempar mot overmakta, slik Halla gjer i filmen?
- Kvifor trur de det hengjer bilete av Mahatma Gandhi og Nelson Mandela heime hos Halla?
- Kva likskapar er det mellom gudinna Artemis og Halla?
- Kva rolle meiner de musikarane og koret har i filmen?
Jobb aleine:
- Les artikkelen "Heltar før og no". Kva eigenskapar som kjenneteiknar heltar gjennom tidene vil du seie at Halla har?
- Skriv ei kort filmmelding der du formulerer det du meiner er bodskapen i filmen og kommenterer om du meiner regissøren lykkast med å formidle bodskapen.