Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva for eigenskapar hadde ein norsk helt på 1800-talet?

Eventyra dekte nok mange ulike funksjonar. På mange måtar var dei si tids tv. Eventyr kunne underhalde, opplyse, få folk til å drøyme seg bort og få folk til å le. I eventyra møtte du heltar, og du kunne lese om heltegjerningane deira og korleis dei sigra over fiendane sine.
kollasj med mange ulike eventyrmotiv. Kollasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På lik line med mange moderne spelefilmar har eventyra ofte to hovudhandlingar. Helten skal gjerne utføre eit oppdrag eller løyse eit problem, og han skal finne, og vinne, kjærleiken.

Fortel meg kven du er ...

Forteljingar kan vere med på å skape meining og samanheng i livet til den som les eller høyrer dei. Forteljingar kan seie deg noko om korleis du bør leve livet ditt. Eventyra inneheld ofte ein slik livsvisdom. Dei har derfor vorte ein del av sjølvbiletet vårt og synet på det gode – og det vonde – livet.

Oppgåve

Les eventyret Prinsessa som ingen kunne målbinde og Peer Gynt (5. akt frå side 254.) Jobb deretter med spørsmåla nedanfor. Oppgåvene kan du jobbe med aleine eller i par. Oppgåvene eignar seg også som utgangspunkt for diskusjon i klasserommet.

Mannsrolla:

  • Kva for eigenskapar er det som gjer Askeladden til helten i eventyret?
  • Kva for eigenskapar har brørne hans, dei som ikkje lykkast?
  • Er det slik i dag, at Espen sine eigenskapar er gode, mens Per og Pål sine ikkje er det? Grunngi svaret, og kom gjerne med døme frå moderne norsk samfunnsliv eller moderne fiksjonstekstar.
  • Kva for eigenskapar er det Peer Gynt viser i utdraget frå 5. akt?
  • Er han ein helt eller ikkje? Grunngi svaret
  • Vil du seie at Peer og Espen er typisk norske? Grunngi svaret.

Kvinnerolla:

  • Kva for eigenskapar har prinsessa i eventyret? Kva slags kvinnetype er ho?
  • Synest du ho er eit ideal for kvinner i dag? Grunngi svaret. Kom gjerne med døme.
  • Kva for eigenskapar har Solveig i Peer Gynt? Les utdraget og teksten om Peer Gynt.
  • Synest du Solveig er eit godt førebilete for norske kvinner?
  • Er prinsessa og Solveig typisk norske? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Heltar