Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstegangstjenesten og *Den stundesløse*– to karakterkomediar

Herman Flesvig og Ludvig Holberg har ein ting felles: Dei ønskjer å få oss til å le ved å lage karakterkomediar. Her skal de både sjå Førstegangstjenesten, lese eit utdrag frå Den stundesløse og setje opp dykkar eigen moderniserte versjon av Holbergs skodespel.
To skodespelarar diskuterer innhaldet på eit ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Førstegangstjenesten

Førstegangstjenesten er ein norsk TV-serie som kom ut på NRK i 2019. Han blei svært populær. Det er komikaren Herman Flesvig som står bak serien og speler alle dei sentrale karakterane .

A. Sjå og diskuter:

  1. Sjå første episode av Førstegangstjenesten.

  2. Diskuter i par: Korleis vil de karakterisere dei fire personane i serien:

    • Ahre Ketil

    • Ola Halvorsen

    • Tanja Laila

    • Preben Lohrengren

B. Korleis blir karakterane skapte?

  1. Kva verkemiddel bruker Herman Flesvig for å skape karakterane sine? Samanlikn karakterane ved å lage ein tabell som den under. Diskuter i grupper og fyll inn.

Verkemiddel

Ahre Ketil

Ola Halvorsen

Tanja Laila

Preben Lohrengren

Korleis snakkar han/ho? Sjå på dialekt og uttale.

Kva fakter/kroppsspråk har ho/han?

Korleis er kleda med på å lage karakteren?

Kva rolle speler replikkane for å byggje karakter?

Kvifor trur du karakteren har dette namnet?

Har den geografiske tilhøyrsla til karakteren noko å seie for korleis de oppfattar han/henne?

C. Ein karakterkomedie

Førstegangstjenesten er ei vidareføring av den eldgamle sjangeren karakterkomedie. Han blir gjerne beskriven som ein sjanger der hovudkarakteren har ei dårleg side eller ei last som fører til konflikt. Dermed oppstår det intrigar og forviklingar, og til slutt går hovudpersonen på eit nederlag og må lære av feila sine.

  • Kva for nokre dårlege sider/laster er det som fører til konflikt i Førstegangstjenesten?

  • Kvifor ler vi av overdrivne karakterar og satire?

D. Morosamt eller fordomsfullt?

Førstegangstjenesten fekk stort sett gode kritikkar, og sjåartala tyder på at det norske folket syntest serien var morosam. Men serien fekk òg kritikk for at den spelte på kjende fordommar og gjorde narr av ungdommar frå Haugenstua. Mellom anna sa rapparen Britz, eller Yaw Britwum, dette til TV2:

Jeg forstår at han nok ikke ser konsekvensene det har for ungdom fra nettopp Haugenstua. Det frustrerer meg at ungdom fra Haugenstua og tilsvarende bydeler må forholde seg til, og motbevise, denne stereotypen igjen og igjen. Flesvig har en så stor plattform at han kunne bidratt positivt heller enn å legge stein til en allerede tung bør. (Haus, 2020)

Diskuter dei to påstandane under:

  1. Britz har rett. Førstegangstjenesten speler på allereie kjende fordommar og lager karikaturar som er krenkjande.

  2. Førstegangstjenesten har fantastiske karikaturar som set poenget på spissen på ein utruleg morosam måte. Kritikken av Herman Flesvig er heilt feil.

Del 2: Den stundesløse, ein karakterkomedie frå 1700-talet

Karakterkomedien kan sporast heilt tilbake til antikken. På 1700-talet, då nye idéar strøymde gjennom Europa, skreiv nordmannen Ludvig Holberg ei rekkje karakterkomediar. Ein av desse heiter Den stundesløse. Om du ikkje veit kva ordet betyr, kjem du nok til å skjøne det etter å ha lese eit utdrag frå komedien.

Relatert innhald

1. Les og framfør

  1. Gå saman i grupper og fordel roller mellom dykk. Les dykk gjennom teksten fleire gonger, diskuter kva den handlar om og reflekter over korleis de ville ha framført skodespelet for å få fram bodskapen i dramaet.

  2. La nokre grupper framfor framfor klassen.

  3. Diskuter: Kva er bodskapen i teksten, og kva verkemiddel bruker Holberg for å karikere hovudpersonen i Den stundesløse?

2. Aktuelt i dag?

Holbergs komediar blir framleis sette opp på norske teater, men det er vanleg at innhaldet blir modernisert for at publikum skal kjenne seg igjen.

  1. Gå saman i grupper og set opp ei modernisering av utdraget de har lese. Målet er å verne bodskapen til Holberg, men humoren og innhaldet i stykket skal treffe 2000-tals mennesket.

  2. Framfør framfor klassen.

  3. Diskuter dei ulike oppsetningane etterpå: Kva sider ved dagens samfunn blei trekte fram som døme på "stundeslaus" åtferd?

Del 3: Humor no og då

Samanlikn humoren både Herman Flesvig og Ludvig Holberg prøver å skape. Kva likskapar og forskjellar er det mellom måtane å lage humor på på 1700-talet og 2000-talet?

Kjelder:

Haus, L. (2020, 14. september). Herman Flesvig får kritikk: – Kunne heller bidratt positivt. TV2. https://www.tv2.no/a/11647290/

Relatert innhald

Bli betre kjend med Ludvig Holberg gjennom Holbergspelet.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Heltar