Heltar
Heltar har til alle tider hatt hovudrolla i litteraturhistoria. Vi finn dei heilt tilbake til dei greske helte-eposa og fram til dagens actionheltar, krimheltar og kvardagsheltar i litteraturen. Å lese tekstar om heltar frå ulike tider, kan seie oss mykje om korleis samfunnet har forandra seg.

Helten Odyssevs rømmer frå kjempa Polyphemus. Motiv frå helte-eposet Odysseen av Homer. Måla av Arnold Böcklin (1896). Bilete: Arnold Böcklin / Offentleg eige