Hopp til innhald

Fagstoff

Kritisk realisme i Henrik Ibsens forfattarskap

Et dukkehjem, En folkefiende og Gjengangere er typiske verk innanfor den litterære retninga som blir kalla kritisk realisme. Her tek Henrik Ibsen opp spørsmål som er aktuelle og til dels kontroversielle også i vår tid.
Måleri med portrett av Henrik Ibsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Henrik Ibsen – frå nasjonalromantikk til modernisme

Forfattarskapen til Ibsen kan delast i fire fasar:

Nasjonalromantiske drama

I førstninga skreiv Ibsen historiske drama i nasjonalromantisk ånd. Motiva var henta frå norsk historie, og handling og konfliktar går føre seg i ei fjern fortid. Eit sentralt tema i fleire av desse dramaa er tanken om fellesskapkjensle og nasjonalt sjølvstende, og heltane er staute nordmenn som kjempar for land og folk.

Idédrama

Men frå og med Brand (1866) skreiv Ibsen det vi kallar idédrama – tekstar der han drøftar eksistensielle emne og spørsmål. Han skreiv mellom anna om tru og tvil, om identitet og identitetsløyse. Det mest kjende verket frå denne tida er nok Peer Gynt (1867).

Realistiske samtidsdrama

Deretter blei han ein del av det moderne gjennombrotet i norsk litteratur og samfunnsdebatt med sine realistiske samtidsdrama. Du kan lese meir om dette lenger nede på sida.

Symboldrama

Frå midten av 1880-åra ser vi at karakterane hos Ibsen blir meir samansette og nyanserte. Han gjer ein djupdykk i livsvilkåra til den moderne kvinna og mannen, og med dei såkalla symboldramaa introduserer han symbolismen og modernismen i norsk dramatikk.

Dei realistiske samtidsdramaa

Det moderne gjennombrotet og kritisk realisme er for norsk litteratur nærast synonymt med Ibsen og hans samtidsdrama:

  • Samfundets støtter (1877)
  • Et dukkehjem (1879)
  • Gjengangere (1881)
  • En folkefiende (1882)

I desse tekstane utfordrar Ibsen tradisjonelle verdiar og normer som han meinte var undertrykkjande og hyklerske. Tanken var at menneska – både mann og kvinne – måtte få leve i fridom og sanning.

Et dukkehjem

I dramaet Et dukkehjem er det Nora som må ta eit oppgjer med sitt eige liv. Ektemannen omtaler Nora som lerkefuglen sin, han ser på henne som ei leikedokke, ikkje som eit vakse og likeverdig menneske. Men også Nora sjølv speler rolla som lerkefugl etter beste evne, heilt til det går opp for henne at ho ikkje er meir for mannen sin enn nettopp det. Då forlèt ho mann og barn for å finne seg sjølv.

Kva synest 2000-talsmennesket om at ei mor forlet barna sine? I videoen under kan du sjå kva menneske frå samtida vår tenkjer om Noras dilemma:

Et dukkehjem vekte sterke reaksjonar då stykket blei framført. På tyske scener nekta dei å setje opp stykket om ikkje Ibsen endra slutten. At Nora gjekk frå både mann og barn, blei for mykje å svelgje for publikum.

Dramaet var òg eit innlegg i samtidsdebatten om stillinga til gifte kvinner. Gifte kvinner var juridisk umyndige, det var mannen som rådde i økonomiske spørsmål. Han hadde også rett til å avgjere korleis barna skulle oppsedast, og kvar familien skulle bu. Lova stadfesta at kvinner blei rekna som store barn, ikkje som vaksne.

Gjengangere

I dramaet Gjengangere møter vi fru Alving, som mange ser på som motstykket til Nora. Fru Alving er kvinna som har halde ut i eit ekteskap der fasade var viktigare enn kjærleik, omsorg og sanning. Ektemannen hennar er død, men framleis jobbar ho hardt for å skjule sanninga om livet han førte. Først då sonen kjem heim sjuk av syfilis – ein arv etter det utsvevande livet til faren – raknar alt. Barneheimen ho har bygd i mannen sitt namn, brenn ned, og til sist hjelper ho sonen med å ta livet sitt. Skodespelet blei slakta i pressa – somme samanlikna det med "ein open kloakk".

I Gjengangere speler arv og miljø ei sentral rolle, her finst ikkje lenger noka tru på at menneska kan søkje fridom. Fru Alving finn ikkje vegen ut slik Nora gjorde.

Frå kritisk realisme til modernisme

Hedda Gabler, hovudpersonen i dramaet med same tittelen, er på mange måtar eit eksempel på ei moderne kvinne. Ho er ei av dei mest mystiske kvinnene hos Ibsen, vakker og omsverma, kravstor og eigenrådig, men også eit offer for konvensjonane i samtida og for eigne ideal.

Hedda er ei kvinne som er oppteken av fasade og konvensjonar – og ho har høge ideal. Ho stiller store krav til seg sjølv, til menneska rundt seg og til livet generelt. Fallhøgda blir derfor stor når ho opplever at ingen av mennene rundt henne lever opp til ideala hennar. Hedda finn heller ikkje noka meining i rolla som hustru i eit borgarleg fornuftsekteskap. Ho vil noko anna, noko meir, men samtidas kjønnsroller og samfunnsnormer gjer det umogleg for henne å finne ein sjølvstendig identitet og skape seg eit meiningsfullt liv.

Bilete av skodespelar Catherine Wilkin i rolla som Hedda Gabler. Hedda er kledd i svart og held ein pistol mot tinningen sin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På same tid som Hedda ønskjer seg menneskeleg nærleik, held ho alle på avstand. Ho vil gjerne få oppleve å vere til nytte, men ingen treng henne eigentleg. Ein stad i teksten seier ho at det einaste ho duger til, er å kjede seg til døde. Mangelen på meining i eige liv, kombinert med sjalusien på forholdet mellom Ejlert Løvborg og Thea Elvsted, gjer henne manipulerande og destruktiv.

Både i samtida og seinare har ein fokusert mykje på Ibsen som ein realistisk forfattar som sette problema under debatt. Men med Hedda Gabler og dei andre stykka frå 1890-åra peiker Ibsen i større grad fram mot eit meir modernistisk teater. Han set mellom anna søkjelyset på fleire av problemstillingane ved modernismen, som opplevinga av meiningstap og isolasjon, av framandgjering og identitetsløyse.

Relatert innhald

Hvem var Henrik Ibsen, og kvifor er stykka han skreiv like populære i dag som då dei blei skrivne på 1800-talet? Få svar i denne podkasten.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme