Hopp til innhald

Litterære tekstar

Um pengar

Garborgs tekst om pengar er ei blanding av sakprosa og lyrikk. Han stod først på trykk i ei lesebok for barn mellom 7 og 14 år.

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka deim, ikkje klæda deg med deim.

Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel - um der ikkje var mat og drikka og klæde aa faa.

Pengar er langt ifraa det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar deim vitugt.

For pengar kann ein faa alt, heiter det.
- Nei, ein kann ikkje det. Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
graae haar, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein faa for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

Kjelde

Garborg, A. (1903). "Um pengar". Austlid, A. (red). Lesebok for folkeskulen (s.232-233). Henta frå https://www.nb.no/items/26c9575afb8466898c33ff94aa1a8c14?page=233

Offentlig eieSkrive av Arne Garborg.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme