Realismen – både ein epoke og ein skrivemåte
I ei snever betydning er realisme eit omgrep som blir brukt om den litteraturen som dominerte i Noreg frå rundt 1870 og til midt på 1880-talet. Litteraturen frå denne perioden blir òg kalla kritisk realisme, fordi det var eit uttalt mål for forfattarar på den tida å setje søkelyset på kritikkverdige samfunnsforhold.
Som litterært straumdrag – det vil seie som skrivemåte og ideal for forfattarar – har realismen vore viktig frå midten av 1800-talet og heilt fram til i dag. Samtidig har den realistiske skrivemåten sjølvsagt utvikla seg over tid, og vi finn derfor ulike typar "realismar" knytte til ulike tidsperiodar.
Ulike typar realisme:
Poetisk realisme: Namn brukt om ein del litteratur i perioden 1850–1870 som hadde både romantiske og realistiske trekk.
Kritisk realisme: Brukt om litteraturen 1870–1880 som sette problem under debatt og hadde realistisk skrivestil.
Nyrealisme: Frå 1900–1930 blei det gitt ut ei rekke realistiske romanar. Mange av desse handla om vanskelege etiske val. Perioden blir derfor òg kalla etisk realisme.
Sosialrealisme: På 70-talet var mange forfattarar politisk engasjerte på venstresida. Dei skreiv litteratur som skulle engasjere lesarane politisk.
Skittenrealisme: Denne sjangeren stammar frå USA. Litteraturen handlar ofte om einsame menn i nedre middelklasse eller arbeidarklasse som lever ganske sørgelege liv. I Noreg kom det ut ein del skittenrealistisk litteratur på 1990-talet, og framleis skriv forfattarar bøker med skittenrealistiske trekk.
Omgrepet realisme blir òg brukt som nemning på ein forteljemåte der mimesis, som kan omsetjast med imitasjon eller etterlikning, står sentralt. I realistisk litteratur prøver forfattaren å etterlikne verkelegheita, altså beskrive ho som om ein speglar ho. Ein underliggande premiss bak ein slik forteljemåte er trua på at verkelegheita kan "nåast" gjennom språket. Gjennom språket kan verda framstillast "slik ho er".
Å etterlikne verkelegheita
I videoen med Tore Renberg (øvst) går det fram korleis forfattaren med litteraturen sin ønsker å etterlikne verkelegheita ved å skrive nesten dokumentarisk. Litteraturen etterliknar historieskrivinga, og handlinga blir ofte lagd til samtida for at lesarane skal kjenne seg igjen. Ved å imitere verkelegheita vil forfattarane klare å skape ein illusjon om at diktinga er verkelegheit.
Eit døme
Les scenetilvisinga til Henrik Ibsens drama Vildanden under. Korleis skriv Ibsen for å skape ein illusjon om at Hjalmar Ekdals atelier er verkeleg?
Hjalmar Ekdals atelier. Rommet, der er temmelig stort, ses å være et loftsværelse. Til høyre er der skråtak med store glassruter halvt tildekket av et blått forheng. Oppe i hjørnet til høyre er inngangsdøren; foran på samme side en dør til dagligstuen. På veggen til venstre er likeledes to døre og mellem disse en jernovn. På bakveggen er en bred dobbeltdør, innrettet til å skyte til sidene. Atelieret er tarvelig, men hyggelig innrettet og utstyrt. Mellem dørene til høyre litt fra veggen, står en sofa med et bord og noen stole; på bordet en tent lampe med skjerm; i ovnskroken en gammel lenestol. Forskjellige fotografiske apparater og instrumenter står oppstilt hist og her i rommet. Ved bakveggen til venstre for dobbeltdøren står en reol, hvori noen bøker, esker og flasker med kjemiske stoffer, forskjellige slags redskaper, verktøy og andre gjenstande. Fotografier og småting, som pensler, papir og lignende ligger på bordet. (Ibsen, 2005, s. 25)
Miljø- og personskildring som verkemiddel
Nettopp denne imitasjonen, det å beskrive verkelegheita så objektivt og nøkternt som mogleg, har vore omtalt som eit ideal for realistisk kunst. Derfor finn ein i realistiske tekstar ofte mange konkrete og detaljerte miljø- og personskildringar.
Gjennom bruk av tredjepersonsforteljar får lesarane innblikk i det indre livet til karakterane. Og gjennom detaljerte skildringar av ytre detaljar, gestar og kroppsspråk får lesaren ei oppleving av at "dette kan ha hendt"! Eit heilt sentralt trekk ved den realistiske litteraturen er nemleg at lesaren skal kjenne igjen det som blir beskrive.
Viss vi skal svare på spørsmålet om norske forfattarar skriv realistisk i dag, må vi altså undersøke om forfattarane har ein realistisk skrivestil. Det kan òg vere interessant å sjå om tendenslitteraturen frå perioden realismen har nokon plass i moderne norsk litteratur.
Finst den realistiske skrivestilen i dag?
Svaret på dette spørsmålet er definitivt ja! Mange norske forfattarar skriv litteratur som har som mål å vere ei avbilding av verkelegheita. Målet er altså å skrive slik at lesarane ser den fiktive verda karakterane går i så levande for seg, at det kunne vore verkeleg.
Vi kan sjå på eit døme. Ein av våre mest anerkjende forfattarar, Per Petterson, er kjend for å skrive realistisk. Sjå på dette utdraget frå romanen Menn i min situasjon (2018):
En rød telefonkiosk, ei nedlagt, gulmalt stasjonsbygning hun sannsynligvis kunne se fra den kiosken. Hvis jeg hadde rett burde det ikke bli så vanskelig. Det kunne sjølsagt være en helt annen nedlagt jernbanestasjon mange mil i ei helt annen retning, men jeg kom ikke på noen.
Jeg tok en rask dusj, dro den korte James Deanjakka på meg, og med et halvt rundstykke i hånda småløp jeg ned trappene, ut på parkeringa tett ved bussholdeplassen foran den gule murgården jeg bodde i ved Advokat Dehlis plass på Bjølsen, og satte meg inn i den tretten år gamle stasjonsvogna mi, en champagnefarga Mazda 929. (Petterson, 2018)
Legg du merke til korleis Petterson skriv ei detaljert miljøskildring for å skape realisme? Bygninga er beskriven som "gulmalt", og bilen er "en champagnefarga Mazda 929". I tillegg er handlinga lagt til Advokat Dehlis plass på Bjølsen, ein plass som finst der ute i verkelegheita.
Ved å lage denne objektive og nøkterne miljøskildringa blir realismen skapt. Lesaren kan sjå for seg og kanskje kjenne seg igjen i handlinga.
Ekstrem realisme på 2000-talet
Ein av dei tydelegaste tendensane i den norske litteraturen på 2000-talet er det vi kan kalle ei ekstrem form for realisme, nemleg den såkalla "verkelegheitslitteraturen". Det vil seie at forfattarar ikkje lagar ei fiktiv verd, men beskriv sitt eige liv.
I perioden 2009–2011 gav Karl Ove Knausgård ut seks tjukke bøker, Min kamp 1–6. På coveret står sjangernemninga roman, men innhaldet har klare sjølvbiografiske trekk. Hovudpersonen heiter Karl Ove, og alle karakterar i romanen finst i verkelegheita.
Finst den moderne tendenslitteraturen?
Tendenslitteraturen som sette problem under debatt, dominerte på 1870- og 80-talet. Slik er det nok ikkje i dag. Faktisk har norske forfattarar blitt kritiserte for å vere både innettervende og sjølvopptatte.
Men dei siste åra har særleg mennesket si behandling av naturen blitt kritisert i skjønnlitteraturen. Bøker som tek opp dette problemet kallar vi for økolitteratur. Mest kjent er nok Maja Lundes klimakvartett, fire bøker om kva som kan skje viss vi held fram med å behandle naturen slik vi gjer no. I desse bøkene åtvarar ho lesarane – i skjønnlitterær form – om korleis verda kan komme til å sjå ut:
Trærne, de skyggefulle trærne som hadde holdt leiren kjølig var en brannfelle. Greinene strakte seg mot brakkene. Fikk flammene tak, ville det ikke være noen vei tilbake. Da ville vi ikke ha noe annet valg enn å komme oss vekk. Rømme, slik vi hadde rømt fra Argelès.
Folk løp til og fra med halvtomme bøtter. Noen stod med slanger i hendene. Svake stråler inn i flammene som fordampet og forsvant.
“Vannet”, sa Marguerite lavt. “De bruker opp vannet.”
Hun hadde rett. Brannen drakk leirens siste vann. (Lunde, 2017)
Maja Lunde, og fleire andre norske forfattarar som skriv økolitteratur, gjer det same som Ibsen, Kielland, Lie og Bjørnson gjorde: Dei bruker litteraturen til å vekke lesarane. Slik ønsker dei å setje problem under debatt og bidra til å opplyse og engasjere.
Det kan vi kanskje kalle moderne tendenslitteratur?
Relatert innhald
Les eit essay av Tone Selboe om korleis realistane skaper sympati for karakterar. Overfør så desse tankane på eit utdrag frå Oliver Twist og "Karens jul".
Les og skriv miljøskildringar slik realistane gjorde det.