Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein podkast om Henrik Ibsen

Bli kjend med Henrik Ibsen ved å lytte til ein podkast. Han er trass alt den mest berømte forfattaren vår nokosinne.
Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Kva er greia med Ibsen?

Kva har gjort Ibsen til ein av dei mest spelte dramatikarane i verda? Og var han ein så merkeleg skrue som rykta skal ha det til? Høyr Jonis Josef i samtale med Giuliano D'Amico, som er Ibsen-ekspert ...

0:00
-0:00

Del 1: Lytt til podkasten

Lytt til podkastepisoden "Kva er greia med Ibsen?". Noter ned svar på desse spørsmåla undervegs:

  1. Kva tema skreiv Henrik Ibsen om?

  2. Kva posisjon hadde Ibsen i Noreg då han kom heim etter å ha budd i utlandet i mange år?

  3. Kvifor blei skodespelet Et dukkehjem sett på som så viktig i samtida?

  4. Kva trur Giuliano D'Amico er grunnen til at Ibsen-stykke framleis blir spelte så mykje på både norske og utanlandske teaterscener?

Del 2: Les Ibsen

Giuliano D'Amico tilrår deg som vil bli betre kjend med Ibsen, å lese Et dukkehjem og Gjengangere. Følg råda hans ved å arbeide med opplegga du finn nedanfor.

Relatert innhald

Kvifor skreiv Ibsen Et dukkehjem? I denne oppgåva skal du både utforske tekst, kontekst og ei aktualisering av Ibsens mest kjende stykke.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme