Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Visuelt språk

Oppgåve

Lag design for gåveesker

I denne oppgåva skal de designe mønster som skal fungere som dekor på tre forskjellige gåveesker med forskjellig målgruppe. Deretter skal eskene skrivast ut og gjerast ferdige.

Oppgåva skal løysast individuelt eller gjennom samarbeid i grupper.

  • Eske A skal brukast til å pakke inn gåver hos ein gullsmed.
  • Eske B skal brukast til å pakke inn små gåver i ein leikebutikk.
  • Eske C skal brukast til å pakke skruar i lausvekt i eit byggjevarehus.

Oppgåve

  1. Vel forma kvadrat, sirkel eller trekant. Denne forma skal brukast som dekorelement på alle dei tre eskene.
  2. Bestem tre adjektiv som skal beskrive uttrykket på kvar av eskene, for eksempel elegant, tøft, mørkt, leikent, gult ...
  3. Teikn skisser og finn flest mogleg måtar å variere framstillinga av forma på. Design mønster. Fyll minst eitt ark! Tips til kva for verkemiddel som kan brukast for å variere:

    • linjer
    • former og luft
    • teksturar og strukturar
    • styrke
    • fargar
  4. Bruk eit program for vektorgrafikk, for eksempel Adobe Illustrator.
  5. Når du har ei oppfatning om kva slags mønster og fargar du vil bruke, kan du laste ned og opne PDF-fila som heiter Stanseriss gaveeske. Ho viser korleis eska ser ut før ho blir bretta og limt. Plasser dekoren på malen for å vite korleis eska skal klippast til og limast.

Eigenvurdering

  • Korleis stemmer designet for kvar av eskene med den typen butikk som skal bruke eska?
  • Passar mønster, komposisjon og luft med adjektiva og det uttrykket du eller de ønskte å skape?
  • Passar fargevala med uttrykket og bruksområdet til eska?
  • Korleis vil du seie du har brukt matematisk forståing i arbeidet ditt?

Diskuter med andre i klassen, ta notat, og lever refleksjon etter avtale med læraren din.