Hopp til innhald

Fagstoff

Estetikk

Kva er estetikk, og korleis kan du bruke omgrepet i møte med tekstar og andre kulturuttrykk?
Musikarar i ei hòleopning framfor eit stort publikum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Måltidet var ei estetisk nyting", "Som designar har ho ein særeigen estetikk", og "Eg er oppteken av estetikk når eg vel kjøkkenutstyr". Dette er døme på korleis omgrepet "estetikk" ofte blir brukt i daglegtalen. Då tenkjer vi gjerne på heilskapsuttrykket eller ei oppleving av skjønnheit og nyting.

Kva betyr estetikk i den faglege konteksten vår, og korleis kan vi bruke teori om estetikk i møte med ulike kulturuttrykk?

Fornuft eller kjensler?

Sjølve ordet estetikk kjem frå det greske aisthesis og betyr "den kunnskapen som kjem gjennom sansane" (Tjønneland, 2021).

Filosofar brukte tidleg omgrepet estetikk til å reflektere over korleis vi tek i bruk sansar og kjensler i motsetning til fornuft og logikk når vi bedømmer noko som anten vakkert eller stygt.

Estetikk eigna seg godt til å reflektere rundt kunstopplevingar, og det vart etter kvart synonymt med kunstteori. Som kunstteori tek estetikken for seg alt frå verkemiddel i ulike kunstformer som film, litteratur og musikk til konkrete kunstverk og korleis kunstverk blir opplevde og erfarte.

Tek vi sanseinntrykka for gitt?

Sjølv om sanseopplevingar var utgangspunktet for kunstteorien, har enkelte kritisert samtidskunsten og kunstkritikken for å dreie seg for mykje om intellektet og fornufta. I essayet "Against interpretation" frå 1964 skriv den amerikanske filosofen Susan Sontag at i ei moderne verd der sansane stadig vekk blir bombarderte av inntrykk, blir evna til å dvele ved sanseinntrykk svekt. Ho meiner at vi i altfor stor grad tek sanseinntrykka for gitt, og at vi berre leitar etter ei meining bak eit uttrykk og ikkje opplever uttrykket i seg sjølv.

Tenk over / diskuter

Fokuserer vi mest på fornufta når vi snakkar om kunst, film litteratur og andre kulturuttrykk i skulen, eller på sanseinntrykka dei gir oss?

Kva er spesielt med ei estetisk erfaring?

Kva er forskjellen på ei skjematisk teikning av ein menneskekropp i ei biologibok og framstillinga til ein kunstar av det same motivet i eit kunstgalleri? Begge to har det same motivet, menneskekroppen, og frå ein reint logisk ståstad vil vi seie at innhaldet i dei to er likt. Dei fleste av oss vil likevel oppleve dei to uttrykka på svært ulike måtar. Kva er det som skil den estetiske erfaringa frå andre erfaringar?

Du er medskapar i ei estetisk erfaring

Mann studerer ein gammal snøre-støvel som er utstilt som eit kunstverk i eit galleri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skulebok-teikninga er meint å vise oss korleis menneskekroppen er bygd opp og fungerer. Men kva er det kunstverket vil vise oss? Og kva skal til for å forstå kunstverket? Estetisk teori har gitt mange ulike svar på desse spørsmåla. Det er likevel klart at både formspråk, intensjonen til kunstnaren, formål og kontekst bidreg til ulike opplevingar, og at du som mottakar er aktiv og delaktig i å skape desse ulike opplevingane av dei to uttrykka.


"Dansen mellom meg og diktet, dette møtet"

Forfattar Gro Dahle beskriv den estetiske erfaringa på ein fin måte når ho reflekterer over korleis ho som lesar av eit dikt er med på å skape dikta:

For jeg som leser teksten skaper den med løft i det jeg leser. Jeg lader teksten med alt jeg har med. Og når teksten hilser på meg og tar i meg med ordene sine på akkurat den måten, er jeg der med all min åpenhet.

Et samspill. Et samarbeid.

Det er kanskje det diktet er for meg. Et fellesrom hvor min tanke kysser tekstens mulighet. Det er der alt begynner. For min del. Det er dette jeg leser for. Denne dansen mellom meg og diktet, dette møtet.

(Dahle, 2004, s. 73)

Tenk over / diskuter

Finst det ein song eller eit dikt som får deg til å kjenne deg trist? Kva er det som gjer at du får denne opplevinga?

Kontorinteriør i teak i eit blått rom. Høgre vegg er vindauge mot sjøen frå gulv til tak. Det er symmetriske bokhyller bak skrivebordet og abstrakt kunst på veggen. Fiskebeinsparkett på golvet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven bestemmer kva som er vakkert?

Sjølv om vi i ein kulturell fellesskap kan ha like opplevingar av eit uttrykk og vere einige om kva som er fint og stygt, er ikkje ei estetisk vurdering ei og stabil sanning. Det at vi har ulike skjønnheitsideal gjennom tidene og på tvers av kulturar, er eit døme på dette. Vi aksepterer og forklarer ulike estetiske vurderingar med variasjon i stil og at vi har ulik smak.

Smak og makt

Likevel snakkar vi om god og dårleg smak, noko som gjer det interessant å utforske korleis desse vurderingane blir til. Sosiologen Pierre Bourdieu utforska korleis sosial klasse skapte og påverka preferansar i alt frå mat til sportsgreiner. Kva som er god smak blir ofte definert av ein kulturell elite, og desse ulike preferansane kan både signalisere tilhøyrsel til ei gruppe menneske og skape distanse til andre.

Vi kan uttrykkje smak gjennom ganske subtile signal i klesdrakt, hårfrisyrar, mat og interiør. Du tenkjer kanskje ikkje over kva signal du sjølv sender ut, men du blir veldig fort klar over dette viss du er i ein situasjon der kleda eller matpreferansane dine er "feil".

Måtar å sjå på

I Ways of Seeing frå 1972 (tv-serie som seinare vart til bok) gjorde John Berger oss merksame på at når vi ser på kunst, er vi aldri nøytrale. Korleis vi ser noko er alltid påverka av førestillingar om skjønnheit, form, smak, klasse og kjønn, ifølgje Berger (tw19751, 2012). Derfor er framstillingar i kunst heller aldri nøytrale, fordi motivet er sett på ein bestemd måte av kunstnaren.

Kvinne ser på eit åaleri der ein mørkhuda mann er framstilt naken med erigert penis. Foto.

Berger viste mellom anna korleis førestillinga om kjønn har prega korleis menn og kvinner blir framstilte i kunst. Både positurar, blikk og nakenskap er prega av kjønnsforskjellar. Kvinner som motiv i biletkunsten blir ofte ikkje framstilte som individ med ein eigen verdi, men som objekt som er til for å bli vurderte. Berger samanfatta desse kjønnsforskjellane som at menn handlar, mens kvinner tek seg ut, og at menn ser på kvinner, mens kvinner ser på at dei blir vurderte av andre (tw19751, 2012).

Kulturforskjellar

Mykje tyder på at vi kan oppleve og bedømme estetiske uttrykk ulikt på tvers av kulturar. Forsking har til dømes vist kulturelle variasjonar i korleis vi oppfattar fargar. Ein gul-grøn farge vakte negative kjensler hos britiske forsøkspersonar i eit eksperiment, mens det var favorittfargen til fleire av forsøkspersonane frå himba-folket i Namibia (Kvittingen, 2014).

Utforsk

Vel deg eitt objekt i rommet du sit i, som du synest er vakkert, og eitt du synest er mindre fint. Korleis grunngir du denne vurderinga? Trur du dei andre i rommet deler denne oppfatninga, eller har du ein bestemd smak eller stil?

Finn ei visuell framstilling av ei kvinne og ei framstilling av ein mann. Kjenne du igjen nokon av Bergers observasjonar om forskjellen i korleis kvinner og menn blir framstilte?

Estetikk er overalt

I dag er det fleire vitskapsgreiner som er opptekne av dei spørsmåla som estetisk teori har stilt om kunstopplevingar. Estetikk blir derfor ikkje berre brukt som omgrep innan kunstteori, men om korleis vi som menneske opplever og forheld oss sanseleg til dei fleste fenomen i verda. Derfor kan teoriar om estetikk bli brukte til å utforske og analysere korleis alt frå tekstar og filmar, mote og arkitektur til mat og teknologi skaper kjensler og opplevingar gjennom sansane.

Kjelder

Bale, K. (2009). Estetikk. En innføring. Pax forlag.

Berger, J. (1972). Ways of Seeing. Penguin Modern Classics.

Dahle, G. (2004). Kilroy was there. Når diktet i diktet åpner seg. I E. Guldbrandsen & Ø. Varkøy (Red.), Musikk og mysterium. Fjorten essays om grensesprengende musikalsk erfaring. Cappelen Akademisk Forlag.

Kvittingen, I. (2014, 28. januar). Kultur avgjør hvilke farger vi liker. Forskning.no. https://forskning.no/land-og-regioner-sosiale-relasjoner-psykologi/kultur-avgjor-hvilke-farger-vi-liker/584171

Sontag, S. (2009). Against Interpretation and Other Essays. Penguin Classics.

Tjønneland, E. (2021, 17. februar ). Estetikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/estetikk

tw19751. (2012, 9. oktober). John Berger / Ways of Seeing, Episode 2 (1972). [Video]. YouTube. https://youtu.be/m1GI8mNU5Sg

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2021

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon