Hopp til innhald

Fagstoff

Logodesign

Logoen er ein viktig del av den visuelle profilen til firma og organisasjonar. Han er bedrifta sitt ansikt mot omverda og viser kven bedrifta er, og korleis dei ønsker å bli oppfatta.
Piccadilly Circus i London på kveldstid, med logoar og reklameskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For firma og organisasjonar er det viktig å ha ein grafisk profil som representerer det dei står for, og som gjer at dei blir attkjende som eit merke. Det viktigaste i den grafiske profilen er det som er sjølve kjenneteiknet for bedrifta eller organisasjonen: logoen.

Fire kategoriar funksjonelle logoar

Logoar som passar inn under ein av dei fire kategoriane nedanfor, er ofte velfungerande logoar.

  • eit ikon som førestiller noko du lett kan kjenne att

  • eit symbol som er veldig stilisert eller geometrisk i forma

  • eit symbol beståande av ein forbokstav

  • ein typografisk logo som er basert på ei forkorting på opptil fire bokstavar

Tenk over

Kva kategoriar tilhøyrer dei ulike logoane nedanfor?

Symbol og typografi

Ein logo består vanlegvis av to delar: typografi og symbol. Den typografiske delen består gjerne av heile eller forkortinga for namnet på firmaet. Symbolet er ofte ein stilisert versjon av noko vi kan kjenne igjen, ein geometrisk figur, eller ein bokstav inni ei form.

Det kan vere freistande å droppe typografien og la eit symbol åleine representere bedrifta. Du kan sikkert ramse opp fleire merke som berre er kjenneteikna ved eit symbol eller ein bokstav? Den viktigaste grunnen til å bruke både heile namnet og eit symbol er at desse to utfyller kvarandre.

Nokre veletablerte og godt kjende merkevarer har over tid kunna fjerne typografien i logoen, men dei fleste bedrifter blir aldri så kjende at vi hugsar kva dei heiter, utan å sjå bedriftsnamnet i tillegg. Namnet og symbolet skal ofte visast saman, men må kunne fungere kvar for seg.

Kva med å droppe symbolet og berre designe ein typografisk logo? Du kan velje å designe ein logo berre basert på skrift, men det var nok meir praktisk før. Når du designar logoar i dag, må du ofte tenkje på dei ørsmå merka som står i fanen på ein nettlesar, såkalla favikon, eller at logoen skal stå i hjørnet på bilete og filmsnuttar i sosiale medium. Då må symbolet kunne stå åleine, og likevel bli identifisert av målgruppa.

Når du får i oppdrag å lage ein logo, bør du først finne ut kven oppdragsgivaren er:

  • Kva jobbar oppdragsgivaren med, og kva prøver dei å oppnå?

  • Kva verdiar har oppdragsgivaren, og korleis ønsker dei å bli oppfatta?

  • Kven er målgruppa til oppdragsgivaren?

Du set nok pris på at det er reinsleg hos tannlegen, og at tennene dine blir behandla forsiktig og nøyaktig? Då bør logoen til tannlegen utstråle nettopp det. Samtidig er det kanskje andre eigenskapar som bør vektleggast i logoen til ein ishockeyklubb?

Når du veit kva slags uttrykk du er ute etter, set du i gang med idéprosessen. Jobb grundig og teikn mange skisser – både for hand og digitalt. Prøv å stilisere ikonet på fleire måtar.

Skal du utarbeide ein logo, er det viktig å få han på plass i svart og kvitt først. Då kan du konsentrere deg om å få til ein enkel logo som fungerer formmessig. Så kan du byrje å jobbe med fargar. Du bør altså vente med å jobbe fram ein fargepalett til logoen er klar. Det er likevel ikkje noko i vegen for å lage ein palett i samband med research og moodboard, og så komme tilbake til han når logoen er klar.

Skal du lage eit monogram, bør du ta utgangspunkt i skrifta du har valt til namnedelen av logen din. Dersom du tenker å bruke eit symbol, kan du like gjerne byrje med det, og la symbolet vere bestemmande for typografien og fargar i resten av logoen.

Sjølv om det ikkje er bestemde reglar for korleis ein logo skal vere, har gode og funksjonelle logoar ein del kjenneteikn som går igjen. Desse kjenneteikna kan du bruke som rettesnor når du sjølv skal designe:

  • Logoen skil seg ut frå konkurrentane. Det er lov å la seg inspirere, men ikkje kopiere. Då stel du andre sin kreativitet.

  • Logoen er enkel og lett å hugse. Ein tommelfingerregel er å framheve berre eitt særtrekk i ein logo, ikkje fleire. Dette krev lite detaljar og få fargar.

  • Logoen er skalerbar og fungerer i både stort og lite format. Dette krev som oftast at han blir produsert som vektorgrafikk. Pass på linjetjukna, så tekst og ikon er tydeleg også i små storleikar.

  • Logoen har maks to tydelege fontar.

  • Stilen i typografien og symbolet passar saman.

  • Logoen representerer avsendaren på ein god måte. Bruk det du kan om farge- og formsymbolikk til å skape rette assosiasjonar.

  • Logoen er tidlaus. For å etablere eit merke må logoen vere varig, så ver forsiktig med dei særaste trendane.

  • Logoen fungerer både i fargar og i svart-kvitt.

  • Logoen fungerer både i positiv og i negativ. Når ein kvit eller lys bokstav blir sett på ein mørkare botn, seier vi at han er negativ. Det kan bety at du må designe to versjonar av logoen – ein for lyse og ein for mørke bakgrunnar.

Dei mest innovative og internettbaserte merkevarene vågar å leike med logoen frå tid til anna. Google er kanskje det mest kjende dømet på akkurat dette, med sine "doodles" som dukkar opp på merkedagar eller når noko skal feirast.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2022

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon