Hopp til innhald

Fagstoff

Tips frå ein UX-designar

Som designar er det ofte ganske mange ting du må tenkje på når du får eit oppdrag. Christian Bilstad frå reklamebyrået HK bits gir deg dei fem beste design-tipsa sine.

Tips 1: Konsekvent design

Brukarane vil gjerne at det skal vere føreseieleg kvar dei hamnar når dei navigerer seg gjennom appar eller nettsider.

Viktige element som gjentek seg over fleire sider, bør derfor ha uttrykk som liknar, og helst bør dei ha den same plasseringa. Konsekvent design er god design og skaper gode brukaropplevingar. Det er viktig å tenkje på.

Tips 2: Knappar og lenkjer

Knappar og lenkjer har ein klar funksjon. Gjer desse så tydelege som mogleg. Brukarane skal aldri tvile på kvar dei kan eller ikkje kan trykkje på ein skjerm.

Med små skjermar, som smarttelefonar har, er det òg lurt å tenkje gjennom kor stort område rundt knappane som bør vere trykkbart.

Tips 3: Universell utforming

Det er lovpålagt å gjere nettsider og appar tilgjengelege for alle. Som designar er det greitt at du tidleg lærer å rette deg etter gjeldande regelverk. Det kan bli ganske kostbart elles.

God lesbarheit, god kontrast mellom bakgrunn og framgrunn og tydelege lenkjer som beskriv kvar du blir lenkja vidare, er noko av det du bør tenkje på. Les gjerne meir om dette på Digitaliseringsdirektoratets nettsider: Intro til universell utforming (uutilsynet.no).

Tips 4: Testing

Det er ekstremt nyttig å teste det ein har laga, mot reelle brukarar. I dag finst det digitale tenester som gir deg moglegheit til å teste produkta dine mot reelle folk, til ein låg sum. Bilstad meiner at all testing er betre enn ingenting. Mor, far, søsken eller vener kan vere ei moglegheit dersom ein ikkje har ressursar til å bruke slike tenester, til dømes.

Tips 5: Samla innhald og luft

I designsamanheng blir ofte område utan innhald karakterisert som "luft". Ein vanleg feil dei fleste gjer i starten, er å ha alt for mange element i produkta sine. Ifølgje Bilstad bør du aldri undervurdere luft i designvala dine. Hugs å ha god plass mellom dei ulike elementa, og behald berre det mest naudsynte.

Har du behov for å ha mykje informasjon på ei eller fleire av sidene, bør du gruppere innhaldet som enkeltmodular med god luft imellom. Her kan det òg vere lurt å tenkje hierarki på informasjonen. Det viktigaste skal vere først og størst. Alt anna er berre i vegen for godt design!

Nyttige ressursar for UX-designarar


CC BY-SASkrive av Bruno José Teixeira Coelho.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Apputvikling og prototyping