Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein prototype?

Ein prototype er ei forenkla utgåve av app- og nettdesignet som gjer det mogleg å teste ut design og brukargrensesnitt i ein tidleg fase. Det er smart å jobbe med prototyping og involvere kunden tidleg før det har blitt brukt for mykje tid og krefter på utviklinga.
Eit ark med skisse av ein app, ein mobil med små boksar som viser app-design, eit nettbrett med kodar og ein tekopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling av applikasjonar er langsame og krevjande prosessar som bedrifter flest ikkje kan ta seg råd til. Prosessen må gjerast effektiv for å unngå feil og høge kostnader.

Løysinga er å lage prototypar som kunden testar og gir tilbakemelding på. Slik sparer bedrifta ressursar, og kundar blir inkluderte og aktive i utviklingsprosessen.

Produkt går gjennom prototyping

Gjennom prototyping sjekkar ein funksjonalitet og responsen i marknaden på eit produkt. Ein prototype er ein forenkla versjon av eit produkt som likevel gir brukarar ei reell oppleving av bruken. Responsen frå publikum blir teken med vidare i produksjonsprosessen for å gjere tilpassingar på produktet.

Bilbransjen, til dømes, har brukt denne metoden over mange år, spesielt når det gjeld nye modellar. Prototypar av nye bilar blir presentererte på bilmesser verda rundt. Reaksjonane frå publikum og omtale i pressa vil vere med å avgjere om bilen blir masseprodusert.

Stilig kvit bil med hevedører står på eit podium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitale prototypar

Prototypar blir òg brukte i utviklinga av digitale produkt, slik som applikasjonar eller nettsider.

Du kan lage enkle prototypar som viser navigasjon og funksjonalitet, eller du kan lage meir detaljerte prototypar når du har komme lenger i prosessen. Vi kallar dei enkle prototypane for og dei meir ferdigstilte prototypane for .

Artikkel: Visualiser med wireframes

Video av prototype 1

Her er det ikkje lagt inn design, berre navigasjonen er på plass. Ein slik prototype er lett å lage og gir UX-designaren moglegheit til å finne moglege utfordringar både når det gjeld navigasjon og funksjonalitet.

Her er det lite fokus på design og avanserte funksjonar. Enkle prototypar er best å bruke i startfasen for å avdekke enkle feil og finne ut korleis innhaldet skal fordelast i applikasjonen. Seinare i prosessen bør prototypar vere meir detaljerte og ha ein tydeleg struktur og identitet.

Prototype 2

I dette dømet er både design og fleire avanserte funksjonar på plass. Det er fleire klikkbare element, og det er lagt til bilete, tekst og navigasjon med knappar og tilbakepil.

Her ser du korleis ein portefølje kan sjå ut, og prototypen er langt meir forseggjord og ferdig enn prototype 1 med skuleapp.

Refleksjonsspørsmål

Kan du finne andre bransjar der prototyping er vanleg?

Kan du finne eit døme på eit kjent produkt som starta som ein prototype?

Sjå på nettsida kickstarter.com, og finn ein prototype som du presenterer til klassen.

CC BY-SASkrive av Bruno José Teixeira Coelho.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021

Læringsressursar

Apputvikling og prototyping