Prosjekt: lag din første app
Foreslått tidsbruk
Vi foreslår tidsbruk i dei ulike delane av prosjektet under. Tidsbruken vil variere frå elev til elev. Det angitte estimatet bør vere oppnåeleg for dei fleste elevar.
Start med å setje deg godt inn i fagstoff om app-utvikling. Det vil hjelpe deg med å forstå ein del omgrep som er sentrale innan UX-design, og vi kjem til å referere til desse omgrepa undervegs i prosjektstega.
Tidsbruk: to skuletimar
Du treng fleire idéar som du skal jobbe vidare med. Sjølv om det kan vere freistande å velje den første idéen du kjem fram til, er ikkje det nødvendigvis den beste. Du bør derfor ha minst tre idéar før du går vidare.
Tidsbruk: to–seks skuletimar
Du kan bruke dette skjemaet når du jobbar med idéane dine:
Filer
Programmet du skal bruke, heiter Adobe XD, og du bør setje av litt tid til å lære deg det. Du kan starte med videoane som vi har lagt ut her, men du vil nok ha behov for å lære deg fleire funksjonar jo lenger ut i prosessen du kjem.
Adobe: Get started with our step-by-step guide. Opplæring og brukarstøtte for Adobe XD
Tidsbruk: to–ti skuletimar
Med utgangspunkt i idéane dine skal du no lage low fidelity-wireframes. Her bør fokuset vere på struktur og navigasjon. Det kan vere lurt å lage fleire wireframes av den same idéen for å kartleggje ulike løysingar og utfordringar. Målet bør vere å lage minst to wireframes for kvar idé. Du kan bruke Adobe XD eller blyant og papir.
Tidsbruk: to–seks timar
La ein eller to av medelevane dine, eventuelt nokon heime, sjå på wireframane dine og gi deg tilbakemelding. Her bør du fokusere på navigasjon og om brukarane forstår måten du har strukturert innhaldet på. Forstår dei ikkje korleis ein kan kome seg vidare eller finne fram til innhaldet, må du nok forandre på ein del ting.
Tidsbruk: to–fire skuletimar
Når strukturen og navigasjon er på plass, kan du byrje å jobbe med design og avansert funksjonalitet. Bruk gjerne litt tid på å finne ut korleis innhaldet kan visast på best mogleg måte, og kva moglegheiter du har med Adobe XD.
Repeter tipsa frå Christian Bilstad i artikkelen Tips frå ein UX-designar.
Tidsbruk: fire–åtte skuletimar
Skriv ein liten tekst om applikasjonen din. Tenk at nokon finn applikasjonen i ein app-butikk og gjerne vil vite litt meir om kva han gjer.
Når det er på plass, kan du lage di eiga gruppe med betabrukarar. Del applikasjonen din med fleire potensielle brukarar og be om tilbakemelding. Bruk denne tilbakemeldinga til eventuelle forbetringar før du leverer det inn.
Tidsbruk: to–fire skuletimar