Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobbe ute: Kva skal du ha på og med deg?

I naturbruksyrka blir mykje av arbeidet utført utandørs. Kva bør du ha på deg, og kvifor? Kan du jobbe i kva slags klede du vil? Kva skal du ha med deg for å kunne gjere ein god jobb ute?
Arbeidshanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Set opp ei liste over arbeidsoppgåver det er vanleg å gjere utandørs innan eit naturbruksyrke du kjenner. Vel:

  • ein arbeidsdag med ei arbeidsoppgåve på hausten

  • ein arbeidsdag med ei arbeidsoppgåve om vinteren

  • ein arbeidsdag med ei arbeidsoppgåve på våren/sommaren


Med utgangspunkt i alternativet du vel, svar på desse spørsmåla:

  1. Kva slags arbeid skal du utføre? Beskriv arbeidsoppgåvene.

  2. Kva treng du av klede og sko for å gjere denne jobben? Beskriv både påkravt verneutstyr og andre klede/sko du treng. Beskriv òg kva du treng av mat og personleg utstyr for å gjere jobben. (Vi føreset at arbeidsgivar har ordna alt du treng av verktøy, maskiner og liknande.)

  3. Kva skjer viss du er for dårleg kledd og blir våt eller byrjar å fryse?

  4. Kva skjer viss du ikkje har med mat eller drikk eller et for lite?

  5. Viss du ikkje innrettar deg godt med tanke på mat, klede og utstyr, kven går dette utover? Kva har det å seie for deg sjølv, for arbeidsgivar og kollegaer (eller medelevar)?

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Utstyr og ferdigheiter for sikker og trygg jobb ute