Øving
Kva kan du lære ved å lese iskartet?
Kva informasjon finn du på nettstaden www.iskart.no? Gå inn på lenkja Iskart. Før peikaren over ikona øvst i skjermbiletet og finn svar på spørsmåla under.
Gå inn på lenkja til Iskart som ligg i relatert innhald.
- Korleis zoomar de inn og ut på kartet?
- Kan du gå på skøyter på noko vatn i nærleiken av skulen din? Kvar?
- Kvar er det vatn med farbar is i Finnmark akkurat no?
- Vel éi av isulykkene. Finn svar på følgjande spørsmål: Kva skjedde? Kvar skjedde det? Kvifor? Korleis? Kor mange personar og eventuelt dyr var innblanda? Var det nokon omkomne?
- Kunne ulykka ha vore unngått? Korleis?
- Korleis kan de sjå område med svekt is på kartet?
- Korleis kan de leggje inn eigne isobservasjonar?
Visste du dette?
- NVE lagar isvarsel for heile Noreg.
- Når NVE lagar isvarsel, byggjer dei på vêret som har vore, og på observasjonar som er gjorde ute i naturen.
- Isvarsla fortel grovt om det er farbar is, om isen held på å leggje seg eller smelte, og om det er overvatn på isen.
- Farbar is vil seie at det går an å gå på isen dersom vi samtidig er observante og "gjer fornuftige vegval".
- Overvatn vil seie at det er vatn oppå isen.
- Nesten alle islagde vatn har område med dårleg is.