Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: gartnar

Ein gartnar jobbar med plante - og grønsaksproduksjon. Som gartnar treng du kunnskap om plantar, økologi og kjemi, og du må trivast med praktiske arbeidsoppgåver.

Finn ut meir om yrket gartnar

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli gartnar?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein gartnar?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein gartnar?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som gartnar? Gi døme og forklar kvifor ein gartnar treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som gartnar?

  6. Kva jobbar ein gartnar med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som gartnar?

  8. På kva måte kan ein gartnar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein gartnar med?

Fagskule og høgare utdanning innan gartneri og hagebruk

Med yrkeskompetanse kan du gå vidare på fagskule for å lære meir om gartneri og hagebruk. Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule der du kan ta utdanning innan gartneri og hagebruk på både bachelor- og masternivå.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i gartnarfag?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev eller fagskule og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk