Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På kva måtar er yrke ulike?

På kva måtar er yrke ulike, og korleis skal eit yrke vere for at du skal trivast i det? Det siste spørsmålet er nok lettare å svare på når ein har vore i jobb nokre år, men kanskje har du nokon svar allereie no?
Tankefull gut i blå T-skjorte sit i graset og lener seg inntil eit gjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilsett eller sjølvstendig næringsdrivande?

Mange som er utdanna innan naturbruk, driv si eiga bedrift – til dømes eit gardsbruk, eit gartneri, eit oppdrettsanlegg, eller dei har eigen fiskebåt, eige anleggsgartnarfirma, stall eller kennel. Ein sjølvstendig næringsdrivande må sjølv sørge for lønna si ved å produsere varer eller tenester som nokon er villig til å betale for.

Å drive eiga næring er ulik frå å vere arbeidstakar. Arbeidet er ofte meir sjølvstendig, mangfaldig, variert og arbeidskrevjande. Det er også mindre sikkert kva du får i lønn samanlikna med å vere fast tilsett ein stad.

Diskuter:

  • Kva for nokon av yrka du kan få etter å ha fullført vidaregåande utdanning innan naturbruk, gir deg godt høve til å drive eiga bedrift?
  • Dersom ein jobb inneber mykje fridom og sjølvstende, inneber jobben då også mykje ansvar?

Praktiske eller meir teoretiske utfordringar?

Dette spørsmålet er ofte knytt til utdanninga som yrket krev. I jobbar som krev høgskule- eller universitetsutdanning, jobbar du meir med teoretiske utfordringar, du bruker meir tid ved skrivebordet og har meir av arbeidsdagen inne enn dersom du har eit fagbrev eller ei anna utdanning frå vidaregåande opplæring.

Diskuter:

  • Er det slik at jobbar som krev eit langt studium, gir større faglege utfordringar enn jobbar som krev mindre utdanning?
  • Kva kan vere fordelar og ulemper med å ha ein jobb som er fagleg utfordrande?
  • Kva for nokre faglege spesialiseringar kan vi ha innan yrke som krev fagbrev eller anna yrkesfagleg utdanning?
Kvinne sit ved datamaskinen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktiske yrke er også ulike

I yrke knytt til naturbruk jobbar mange hovudsakleg med dyr, fisk eller plantar. Nokon jobbar mykje med maskinar. Ein del jobbar nesten berre ute, mange arbeider inne i ei driftsbygning, og nokon jobbar inne i oppvarma hus. Mange har same arbeidsstad gjennom heile året, mens andre gjer ferdig ein jobb på ein stad for så å flytte til neste. Nokre yrke er fysisk tunge og krev at du lærer deg god arbeidsteknikk og held deg i god form.

Diskuter:

  • I kva yrke jobbar ein mykje med levande dyr eller levande fisk?
  • Samanlikn yrke der ein jobbar mykje med dyr, med omsorgsyrke der ein jobbar med menneske. Ser du nokre fellestrekk?
  • I kva naturbruksyrke er det ekstra viktig at arbeidstakaren er fysisk sterk og held seg i god form?

Kva er viktig for deg?

  • Nemn fire ting som er viktig for deg når du skal velje yrke.
  • Kva to av desse fire tinga er aller viktigast for deg?
  • Diskuter med eleven ved sida av deg og finn ut om det er noko de begge synest er viktig når det gjeld jobb.

Hugselappen

  • Ein sjølvstendig næringsdrivande er ein som driv og eig si eiga bedrift.
  • Er du tilsett hos ein arbeidsgivar, er du arbeidstakar og får fast lønn for arbeidet du gjer.
  • Ein fagarbeidar er ein som har fagbrev eller yrkesutdanning frå vidaregåande skule.
  • Studerer du tre år etter vidaregåande, kan du få ei bachelorgrad.
  • Studerer du minst fem år etter vidaregåande, kan du få ei mastergrad.
CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk