Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er du interessert i, og kva er du flink til?

For å kunne velje rett utdanning og yrke er det viktig å bli kjend med seg sjølv. Kva er du interessert i? Kva er du flink til? Her får du hjelp til å finne ut av dette.
Ung jente med datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spør deg sjølv:

  • Kva er eg interessert i?
  • Korleis kan eg bruke interessene mine i jobbsamanheng?
  • Kva er eg flink til?

Dette er det lurt å tenke gjennom før du vel yrke. Desse testane kan hjelpe deg til å reflektere over dette og systematisere tankane dine.

Interesser

  • Tenk gjennom kva som er hovudinteressene dine. Skriv ned nokre stikkord for deg sjølv.
  • Gjennomfør ein eller fleire interessetestar. Bruk testar du finn på nettsida interessetester hos Utdanning.no.

  1. Kva lærte du av å ta testen/testane? Skriv ned fem–seks setningar.
  2. Lærte du noko nytt om deg sjølv? Viss ja: Kva lærte du?
  3. Var det noko som overraska deg?
  4. Var det noko av det som kom fram, som stemde med det du eigentleg visste frå før?

Jobb saman to og to.

  • Tenk gjennom kva du er flink til. Skriv ned minst tre stikkord.
  • Finn tre ting du meiner medeleven din er flink til. Fortel det til han/ho.

  • Tenk over eigenskapane du kom fram til. Gir dette deg nokon peikepinn for kva du kan tenke deg å jobbe med?

CC BY-SASkrive av Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk