Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: anleggsgartnar

Anleggsgartnaren lagar til og skjøttar hagar, parkar, anlegg og kyrkjegardar. Buskar, tre, blomstrar, plenar, stein, heller og mur er nokre av materiala anleggsgartnaren bruker for å skape utemiljø vi kan trivast i.

Finn ut meir om yrket anleggsgartnar

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli anleggsgartnar?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein anleggsgartnar?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein anleggsgartnar?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som anleggsgartnar? Gi døme og forklar kvifor ein anleggsgartnar treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som anleggsgartnar?

  6. Kva jobbar ein anleggsgartnar med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som anleggsgartnar?

  8. På kva måte kan ein anleggsgartnar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein anleggsgartnar med?

Etter fagbrevet

Når du har teke fagbrev og kanskje praktisert i yrket i nokre år, kan du ta meisterbrevet. Då kan du starte di eiga bedrift. Du kan òg gå vidare på ein fagskule og bli anleggsgartnarteknikar.

Høgare utdanning

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta utdanning på både bachelor- og masternivå til dømes som landskapsarkitekt.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Steinar Varpe, Tor Harald Ottersland, Jörg Martschei og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk