Hopp til innhald

Fagstoff

Møbelsnikkar

Møbelsnikkarar lagar møblar og innreiingar i tre ved bruk av handverktøy og maskiner. Dei kan få i oppdrag å produsere nytt eller å reparere og restaurere gamle møblar. Ein møbelsnikkar kan òg jobbe med produktutvikling og framstille prototypar til industri.

Korleis jobbar ein møbelsnikkar?

Som møbelsnikkar jobbar du med skapande arbeidsprosessar. Du designar, teiknar og konstruerer, både for hand og ved hjelp av dataverktøy. Gjennom praktisk arbeid lærer du å bruke materiale, verktøy og maskiner og utviklar ferdigheiter i tradisjonelle og nyare handverksteknikkar. Kundane kan vere alt frå privatpersonar til offentlege verksemder. Møbelsnikkarar samarbeider ofte med møbeltapetserarar.

Eigenskapar

Ein møbelsnikkar bør vere kreativ og ha praktisk og estetisk sans. Du må like å skape med hendene, og dessutan å teikne og konstruere produkt. Det er viktig å både kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Hender som høvlar eit trestykke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Utdanninga for å bli møbelsnikkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i ei møbelsnikkarbedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Etterpå vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er møbelsnikkar.

Overflatebehandling på eit tremøbel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjenbruk av materiale

Ekteparet Thilde og Ole Rosén-Lystrup driv firmaet Drivved AS i Høvik i Bærum. Dei har spesialisert seg på å lage møblar av gamle materiale. I filmen nedanfor følgjer vi Ole både på jakt etter treverk, og vi ser korleis han løyser ei bestilling på eit bord med plate av gjenbrukte materiale.

Ole Rosén-Lystrup har vorte kjend gjennom arbeidet sitt i TV-serien Eventyrlig oppussing.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 07.02.2024

Læringsressursar

Trearbeid