Bøkkar
Innan vin- og brennevinsproduksjonen er det behov for å reparere og produsere tønner eller fat laga av tre. Tønneproduksjonen skjer med noko maskinell framstilling for å rasjonalisere arbeidet, men ein bøkkar arbeider mykje for hand.
Bøkkaren må ha god materialkunnskap i tre, sørgje for riktig tørking av materiale og velje dimensjonar ut frå volumet tønnene skal ha. Prosessen med å lage ei tønne er å forme stavar og botnar i ein stavkrakk, tønna blir reist og varma, tønna blir driven, stavane blir jamna, kryss blir høvla, botn blir sett i og band blir sette på plass.
For standardproduksjon blir det brukt faste mål, men bøkkaren må òg kunne berekne storleik på produktdelar ut frå eit bestemt volum og derfrå konstruere og teikne produkt.
Utdanninga for å bli bøkkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag eller vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er bøkkar.