Tredreiar
Tredreiarar skaper nye produkt og arbeider med reparasjonar og restaurering av møblar. Då lagar dei gjerne kopiar av originale delar. I arbeidet blir det brukt ulike typar verktøy og maskiner som dreiebenk, fresemaskiner og treomarbeidingsmaskiner. Nokon nyttar òg datastyrte dreiebenkar.
Du må ha kompetanse om materialeigenskapar og tørketeknikkar for dei vanlegaste tresortane, som bjørk, bøk, ask, eik, furu og gran. Som tredreiar må du ha gode handverksferdigheiter og meistre dei ulike dreieteknikkane.
Utdanninga for å bli tredreiar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag eller Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er tredreiar.