Hopp til innhald

Fagstoff

Orgelbyggjar

Orgelbyggjarar lagar, held ved like og restaurerer orgel. Dei utfører snikkararbeid, mekanisk arbeid, pipemakararbeid, montering og utforming av klang.
Fotografi av orgelpiper.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste orgel finst i kyrkjer, nokre også i konsertsalar, skular og private heimar. Eit orgel består av mange delar som blir bygde og sette saman til eit ferdig instrument.

Orgelbyggjarfaget er eit omfattande yrke, der du kan spesialisere deg innan mange fagområde:

  • arkitektur

  • konstruksjon og teikning

  • tre- og metallarbeid

  • data og elektronikk

  • overflatebehandling

  • utforming av klang (intonasjon)

Restaurering og reparasjonar av eksisterande instrument er ein stor del av jobben, men orgelbygging kan òg vere nyskapande. Det omfattar arbeid i mange stilretningar, frå renessanse, barokk og romantikk til modernisme.

Når eit nytt orgel blir designa og konstruert, er det viktig å tilpasse det til arkitekturen og akustikken i rommet. Alle dei vesentlege delane og funksjonane til orgelet blir teikna, før orgelet blir bygd opp i verkstaden. Etterpå blir det demontert i store modular for frakt. Til slutt blir orgelet montert og intonert i lokalet det skal brukast i.

Fotografi av eit orgel under bygging.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei største orgla kan ha fleire tusen piper, frå 12 millimeter tonelengd til over 10 meter. Dei viktigaste delane i eit orgel er orgelhus, belger, vindladar, traktur, registratur, spelebord og pipeverk. Ei elektrisk vifte blæs luft inn i belgene. Organisten trekkjer ut eitt eller fleire registertrekk for å velje kva stemmer som skal nyttast. Når ein trykkjer på ein tangent, opnar ein ventil i vindladen for å sleppe luft inn i den aktuelle pipa. Pipene er laga i ulike treslag eller av ei metallegering av tinn og bly.

Fotografi av glasmåleriet over orgelet i Nidarosdomen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Som orgelbyggjar må du vere musikalsk og ha teknisk innsikt og kunnskap om mange materiale og teknikkar. Du bør ha godt handlag og kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Utdanning

Utdanninga for å bli orgelbyggjar er to år i vidaregåande skule og tre år i lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling, vg1 teknologi- og industrifag eller vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Utdanninga tek fem år til saman, og yrkestittelen er orgelbyggjar.

Fotografi av dekorativt orgel i eit kyrkjerom.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2021

Læringsressursar

Trearbeid